Utlysing av ungdomsmidlar
Ørsta ungdomsråd har gleda av å lyse ut ungdomsmidlar. Ungdomsrådet ønskjer at midlane skal bidra til auka aktivitet og engasjement. Vi håper at du som har planar eller draumar om prosjekt retta mot barn og unge i Ørsta vil søkje.
Tilskot frå ungdomsmidlane vert gitt til nye prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i Ørsta kommune. Det vert ikkje gitt støtte til løn og faste driftsutgifter. Midlane skal søkast på innan fastsett frist 28. mai.
Retningslinjer for ungdomsmidlar i Ørsta
- Ungdomsrådet i Ørsta vil årleg dele ut «Ungdomsmidlar». Storleiken på beløpet vil årleg verte regulert av dei kommunale tildelingane til ungdomsrådet.
- Tilskot frå ungdomsmidlane vert gitt til nye prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i Ørsta kommune. Det vert ikkje gitt støtte til løn og faste driftsutgifter. Midlane skal søkast på innan fastsett frist.
- Søknad skal sendast til ungdomsrådet på elektronisk skjema som vert lagt ut på facebook-sida til Ørsta ungdomsråd, www.orsta.kommune.no
- Ungdomsrådet skal marknadsføre søknadsfristen til midlane minst ein månad før søknadsfristen går ut. Søknadsfristen vert sett til 28.mai. Ungdomsrådet gjer tildelingsvedtak på sommarmøte sitt i byrjinga av juni.
- Ungdomsrådet skal sende ut tildelingsvedtak omgåande etter møtet. Vedtaket skal også opplyse om frist for bruk av tildelte ungdomsmidlar og frist for rapportering av bruken.
- Tildelte midlar vert først utbetalt når mottakaren kan dokumentere at prosjektet er i gong eller investering er gjort.
- Utbetalte midlar som ikkje har vert brukt i tråd med tildelinga, eller der rapportering om bruken ikkje er tilfredsstillande, vert kravd tilbakebetalt.
- Ungdomsrådet vil fylgje opp prosjekt som det vert gitt støtte til og har rett til å ta tilbake utstyr som er innkjøpt frå midlane dersom det ikkje vert nytta til det planlagde føremålet.
- Ungdomsrådet vil ha høve til å nytte delar av midlane til eigne prosjekt dei finn formålstenelege.
Publisert 07.05.2018 14:19