Reguleringsplanar på offentleg ettersyn

BUN6 og FR3.jpg - Klikk for stort bilete

Detaljreguleringsplanane for hyttefelt på Hovdenakk gnr7Bnr 36/6 og 9, samt Morkaneset naustområde - BUN6 er lagde ut til offentleg ettersyn.

Ørsta formannskap, som planutval, har i møte 03.10.2017 og 17.10.2017 gjort vedtak om å leggje følgjande framlegg til planar ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§12- 10 og 12-11.:

 
1.Detaljreguleringsplan for Morkaneset naustområde – omfattar område BUN6 i kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, plan-id 2016003, sak nr. 2016/1223. Føremålet med planen er å legge til rette for bygging av naust. Lenke til planen finn du her.
 
2.Detaljreguleringsplan for hyttefelt Hovdenakk – omfattar deler av område FR3 i kommunedelplan for Bondalseidet, plan-id 2016005, sak nr. 2016/2204. Føremålet med planen er å legge til rette for bygging av fritidsbustader. Lenke til planen finn du her.
 
Plandokumenta finn du ved å følgje lenkene over, ved å gå til www.ørstakart.no (under "planar til høyring"), eller på Ørsta rådhus frå 28.10.2017 – 09.12.2017.
 
Merknader til planframlegga kan sendast til Ørsta kommune, plan- og miljøavdelinga, 6153 Ørsta, som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, eller sendast direkte frå kartportalen innan 09.12.17.
 
Sist endra 25.10.2017
Fann du det du leita etter?

Nyhende

  • Lokal rammeplan i fokus
    Nok ein gong har den lokale rammeplanen til Ørstabarnehagen fått merksemd utanfor kommunegrensene. Denne gongen er det bladet Utdanning som har publisert ein artikkel om den felles satsinga til barnehagane i kommunen.
  • Vi skal ikkje jobbe meir, men smartare
    Utviklingsprosjektet «Saman om Ørstabarnehagen» har som mål å styrke alle barnehagane i kommunen. Allereie før det fyrste året er omme har Ørstabarnehagen klart å lage ferdig ein lokal rammeplan som gjeld for alle 11 barnehagane i kommunen. Det vert ikkje gjort forskjell på om barnehagen er liten eller stor, kommunal eller privat – arbeidet med å løfte barnehagane skal bety noko for alle borna i Ørsta kommune.
  • Dette er den nye barnevernssjefen
    Aina Øyehaug Opsvik har takka ja til stillinga som leiar for den interkommunale barnevernstenesta i Volda.
  • Lokal rammeplan er på plass
    Ørstabarnehagen har fått på plass lokal rammeplan for Ørstabarnehagen. - Desse flotte damene er sjølvsagt veldig nøgde med det!
  • Barnevernstenesta Hareid-Ulstein-Volda-Ørsta
    Bur du i Hareid, Ulstein, Volda eller Ørsta og treng å kome i kontakt med barnevernet? Då kan du ringe telefon 70 05 88 00.
Login for redigering