Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar

Olav. H. Hauge


 

Nynorsk kultursentrum vil løfte fram nye og talentfulle poetar og lyser ut eit nytt stipend på heile 150 000 kroner. Stipendet går til ei ung diktarstemme som har utmerka seg med eit poetisk talent som lyrikar, tekstforfattar eller songpoet. Det nye stipendet blir delt ut ved opninga av Ulvik poesifestival fredag 7. september.   


Ny ung poesipris

– Dei fleste litterære prisane går til etablerte forfattarar, og det er få reine lyrikkprisar.  Med eit stipend for unge diktarar framhevar vi dei nye og særprega lyrikarane som er med og held det lyriske språket levande og aktuelt, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Foto: Fullversjon

Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Alle kan fremje forslag om kandidatar til stipendet på haugesenteret.no fram til 15. mai. Ein fagjury med medlemer frå Norsk Forfattersentrum og Nynorsk kultursentrum vurderer alle framlegga avgjer kven som får stipendet.  

Olav H. Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i si samtid, og unge forfattarar som skreiv brev til Hauge fekk svar og råd. – Difor er stipendet kalla opp etter han, avsluttar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.
 



Meir informasjon

Dagleg leiar Geir S. Netland, Olav H. Hauge-senteret, 900 38 286
 

Ulvik poesifestival

  • Blir arrangert i Olav H. Hauge si heimbygd annakvart år
  • Eigd og driven av Nynorsk kultursentrum, avdeling Olav H. Hauge-senteret
  • Fredag 7.–søndag 9. september 2018
  • 5000 gjester i 2016 med 146 utøvarar fordelt på 34 arrangment
  • Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar blir delt ut for første gong i 2018
     

Pressemelding frå

Olav.H.Hauge_logo.jpg

Følg oss