Offentleg ettersyn: Områdeplan for Ørsta sentrum

Utviklingsplan sentrum _ Havtor Hovden plass - Klikk for stort bilete

Områdeplanen for Ørsta sentrum ("sentrumsplanen") er lagt ut til offentleg ettersyn.

Ørsta formannskap, som planutval, har i møte 17.04.2018 gjort vedtak om å legge framlegg til områdeplan for Ørsta sentrum ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-10, slik det ligg føre på plankart med planid 2015009, datert 11.04.2018.

Føremålet med planen er å oppdatere dei juridiske rammene for arealbruken i Ørsta sentrum. Prosessen som har vore gjennomført med revidert stadanalyse, arkitektkonkurransen Europan og til sist utviklingsplanen for Ørsta sentrum er ein viktig bakgrunn for planframlegget.

Du finn plankartet og plandokumenta ved å følgje denne lenka, eller ved å gå til www.ørstakart.no og sjå under planar til høyring. Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus frå 21.04.2018 – 15.06.2018.

Merknader til framlegget kan sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, til postmottak@orsta.kommune.no, eller direkte frå kartportalen innan 15.06.2018.

Ørsta kommune inviterer til open kontordag på Ørsta rådhus den 9. mai 2018 kl. 13.00 – 18.00. Her kan du kome og få informasjon- og stille spørsmål om dine interesser i planen, eller om planframlegget generelt.

Sist endra 20.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering