Nytt kollektivtilbod mellom Ørsta og Sæbø

Fram-Flexx-logo.png

Frå 21. august blir kollektivtransporttilbodet mellom Ørsta og Sæbø utvida med bestillingstransport. Dette gjeld på kveld og helg, i periodar kor det ikkje går buss. Ordninga heiter FRAM Flexx. FRAM Flexx er ein del av det ordinære kollektivtilbodet, og blir køyrd med drosje eller minibuss.

Turen går berre når nokon har bestilt

- FRAM Flexx er bestillingstransport, det vil seie at turen berre blir køyrd dersom nokon har bestilt på førehand. Det er mogleg å bestille på nett eller per telefon til FRAM sitt kundesenter, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Avgangar

  • Måndag til fredag blir det to avgangar frå Ørsta rutebilstasjon til Sæbø ferjekai klokka 17.55 og klokka 20.00.
  • I helgane blir det ein avgang på laurdag frå Sæbø kl. 11.30, og på søndag frå Sæbø klokka 18.30.
  • Avgangane frå Ørsta korresponderer med buss frå Ålesund og ferje frå Sæbø.
  • Avgangane frå Sæbø korresponderer med når ferja kjem til Sæbø, og med buss frå Ørsta til Ålesund.

Samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune

Tilbodet er oppretta i samarbeid mellom fylkeskommunen og Ørsta kommune. Fylkeskommunen har ansvar for all kollektivtransport i fylket, gjennom FRAM. Ørsta kommune dekker ein del av kostnadane for det nye tilbodet.

Ordføraren i Ørsta er glad for tilbodet

- Vi er svært nøgd med at vi no har fått dette tilbodet på plass. Med FRAM Flexx får vi eit kostnadseffektivt kollektivtilbod mellom Ørsta og Sæbø på tider då det ikkje er økonomisk forsvarleg å køyre ein stor buss, seier ordføraren i Ørsta, Stein Aam.

- Vi trur dette tilbodet vil gjere det enklare for dei reisande mellom Ørsta og Sæbø og håpar at innbyggjarane i kommunen vil nytte tilbodet, seier Aam

Bestilling på nett eller per telefon

Dei reisande kan bestille FRAM Flexx-tur på frammr.no/flexx eller ved å ringe telefon 177 (FRAM sitt kundesenter). Turen må bestillast minimum to timar før du skal reise. Ein FRAM Flexx-tur kostar 50 kroner. Dei som skal vidare med ferje eller buss, løyser vanleg billett på bussen eller ferja.

 

22_Flexx_Orsta.jpg

Følg oss