Levande Vikegate

Vikegata.jpg

 

Korleis kan vi bidra til meir liv og røre i Vikegata? Det positive arbeidet som alt er gjort, syner at det i bygda er både vilje, interesse og motivasjon for å få til dette.

For å lukkast må vi ha idéar og fantasi. Så må vi setje ut i livet dei idéane vi har mest tru på. Skal det skje, må nokon ha eit klart definert ansvar for å koordinere og gjennomføre det vidare arbeidet. Vi trur at mange kan gi nyttige bidrag i ein slik prosess, og håper du kan møte på idédugnad!

Ørsta Rådhus, Møterom Ørstafjord.
Torsdag 24. august, kl 1800 - 2000


Målet med møtet er

  • å skape interesse og entusiasme
  • å  få samle så mange gode idéar, tankar og framlegg som mogleg
  • å skissere ein plan om korleis arbeidet kan førast vidare
  • å velje ei nemnd som har ansvaret for det

Ope for alle interesserte.

 Arbeidsdokument for onsdag 23. august

Helsing interessegruppa for Levande Vikegate

Kontakt

Per Ivar Lied prosjektleiar
48282962
@ Per Ivar Lied

Følg oss