Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet_bilete.jpg - Klikk for stort bilete

 Rullering av handlingsprogram og forvaltningsplan for statleg sikra friluftsområde. Frist 10. mars 2018. 

Handlingsprogrammet som vert rullert: Punkt 10.2.1. frå 01.06.2016

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet frå 29.09.2013

NB: Merk deg at pkt. 10.2.1 i kommunedelplanen frå 2013, er utgått. Pkt. 10.2.1 frå 2016 er gjeldande handlingsprogram. 
 

Rullere handlingsprogrammet:

Ørsta kommune, levekårsutvalet, har i sak 76/2017 vedteke å rullere handlingsprogrammet (pkt. 10.2) i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Dette gjeld både ordinære anlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivsanlegg/-tiltak. Prioritet i  handlingsprogrammet er ein føresetnad for søknader om tilskot frå spelemidlane.

Forvaltningsplanen for statleg sikra friluftsområde prioriterer kva som skal gjerast av fysisk tilrettelegging for dei aktuelle områda: Raudøya (inste del), Vekslet, Nakkestranda, Bondalseidet (parkeringsplass) og Osskarelva (turveg). Det vert i tillegg søkt statleg sikring for deler av friområdet ved Hovdevatnet.

 

Kommunen ber om at skriftlege innspel til arbeidet, irekna gjeldande prioritering og planar om nye tiltak, vert sendt til:

Ørsta kommune
Rådhuset
Dalevegen 6
6153 Ørsta 

eller til postmottak@orsta.kommune.no

Sist endra 06.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering