Høyring - utbygging av breiband i Ørsta kommune 2018

breiband.jpg - Klikk for stort bilete

Det er framleis område i Ørsta kommune som har dårleg breibandstilbod og ein ynskjer difor å
identifisere desse områda for deretter å vurdere om ein skal søkje etter breibandtilskot. For å kunne
søkje er eitt av krava i søknaden at planen for utbygging skal vere til høyring. Ein anna føresetnad er
at det skal gis moglegheit for alle interesserte partar å gi innspel til kommunen som kan vere
vesentleg for søknaden.


Gode kommunikasjonsmoglegheiter

Ørsta kommune ynskjer at alle innbyggjarar og verksemder skal ha gode kommunikasjonsmuligheiter
både gjennom mobilnett og fastnett. Tussa IKT har bygt ut fiberbasert aksessnett i delar av
kommunen og har planar om å byggje ut mange fleire områder i 2018-2019.
 

Kommersielle aktørar har bygt ut fiberbasert aksessnett i delar av kommunen og har planar om å byggje ut mange fleire områder i 2018-2019.

Når ein utbyggar har konkrete planar for utbygging av eit område så kan ein ikkje søkje om støtte for
utbygging av dette området.
 
Stortinget har i 2018 sett av 149,7 millionar kroner til breibandsutbygging. Møre og Romsdal
fylkeskommunen er tildelt ei ramme på 17 295 940 kroner av desse midlane. Det er fylket som står
for tildelinga av desse midlane til søkjarane.
 
Formålet med ordninga er å støtte utbygging av breiband i grunnleggande kvite område eller
oppgradering av eksisterande breibandstilbod i kvite NGA-område. Grunnleggande kvite område er
definert som område der husstandar og bedrifter i dag ikkje har tilbod om breiband på minst 10
Mbit/s eller høgare. Kvite NGA-område er område som ikkje har tilbod om 30 Mbit/s eller meir.



Vilkår for søknad om breibandstøtte:

  • Minst halvparten av midlane som er sett av skal brukast til utbygging av breiband i grunnleggande kvite områder. Dersom alle dei kvite områda kan byggast ut med mindre enn 50 % av den økonomiske ramma, så kan resten brukast til kvite NGA-område, altså utbetringar i område som har under 30 Mbit/s.
     
  • Lokale bidrag skal utgjere minst 25 prosent av total prosjektkostnad. I lokalt bidrag inngår eigeninnsats og –kapital frå kommunen, private, lokalt næringsliv, dugnad osv. Utbyggar sin del skal ikkje reknast med i lokale bidrag.
     
  • Kommunen pliktar å undersøke og dokumentere om kommersielle utbyggarar har planer om utbygging i det aktuelle området.
     
  • Prosjekta skal være teknologinøytrale. Det skal ikkje settast krav om fiberteknologi, men det skal krevjast at breibandstilbodet skal gi høve til oppgradering til minimum 100 Mbit/s i løpet av 2-3 år.
     
  • Breiband til sluttbrukar skal tilbydast til ein fastpris som er uavhengig av bruken.
     
  • Prosjektet som mottar tilskot skal gje eit reelt breibandstilbod til alle husstandar og bedrifter innanfor det geografiske området, dvs. 100% dekning i det aktuelle området.
     
  • Utbyggarar med offentlig støtte skal tillate andre tilbydarar å kople seg på det aktuellenettet, for å tilby breiband i tilgrensande område til rimelege vilkår.
     
  • Kommunar som får tilskot må lyse prosjektet ut på anbod innan eitt år
 

Austsida av Hjørundfjorden

Ørsta kommune har definert område austsida av Hjørundfjorden(Leknes,Urke,Øye,Skylstad) som eit
område som har for dårleg dekning i dag og ein ynskjer å søkje støtte for å betre breibandstilbodet i
dette området. Heile dette området er definert som grunnleggande kvite område i følgje NKOM sine
dekningskart.
 
 

Kom med innspel innan 30 mai

I samband med søknaden vil vi difor invitere bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel i
forhold til utbyggingsplanen for kommunen innan 30. mai 2018.

Innspel kan sendast postmottak@orsta.kommune.no og merkast høyringsuttale breibandsutbygging.
Kunngjering skjer berre på Ørsta kommune si heimeside.

Kontaktperson for saka om breibandstøtte er spesialrådgjevar IKT Bjørn Anders Heggen,
e-post: bjorn.heggen@orsta.kommune.no
 
Ytterlegare informasjon om ordninga finn dykk hjå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
 
Sist endra 08.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering