Høyring: Tussa Energi AS – Søknad om løyve til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk i Ørsta kommune i Møre og Romsdal

Vartdal kraftverk.jpg - Klikk for stort bilete

NVE har motteke ein søknad frå Tussa Energi AS, datert 30.08.2017, om løyve til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk i Ørsta kommune.

Søknaden gjeld opprusting og utviding av Vartdal kraftverk, med ny kraftstasjon og nytt trykkrøyr verte plassert på same stad som eksisterande kraftverk. Trykkrøyret får auka diameter, og slukeevna vert auka frå 225 l/s til 750 l/s. Ny inntaksdam skal byggjast rett ved eksisterande dam. Det blir ingen endringar i reguleringane av Litlevatn og Risaskarvatn. Installert effekt blir 2,5 MW, som vil gi en produksjon på 9 GWh, mot dagens produksjon på 3,2 GWh. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 5 l/s heile året.
 
Det er òg søkt om løyve etter energilova for bygging og drift av Vartdal kraftverk med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftline.
 
Søknaden skal handsamast etter reglane i kapittel 3 i vannressursloven og gjeld løyve etter vannressursloven § 8. Søknaden med vedlegg vert lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker, og den vert kunngjort av NVE. Kopi av kunngjeringsteksten kan du lese her
 
Høyringa kan du lese her , den ligg også til offentleg ettersyn på servicekontoret på Rådhuset fram til 20.10.2017.  
 
NVE føretrekkjer at fråsegner sendast elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som mogeleg og seinast innan 20.10.2017. I tillegg kan ein sende fråsegner per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. 
Fråsegner eller delar av fråsegna vert referert i eit endeleg vedtak. Om fråsegna er lang, er det difor ein fordel om det utarbeidas eit samandrag som kan brukast til dette.
 
I samband med søknaden vil NVE halde synfaring tysdag 3. oktober 2017 kl. 10.00. Oppmøtestad er ved eksisterande Vartdal kraftverk (kraftstasjonen). NVE ber om at påmelding til synfaringa sendast på e-post til stp@nve.no innan 28. september 2017. Påmeldinga må innehalda namn på deltakar(ar), eventuelt frå kva etat/organisasjon, og mobilnummer. Det vil vere felles synfaringa av søknaden av Vartdal kraftverk og søknaden frå Vartdal Vassverk om senking av Svartevatna.
Sist endra 21.09.2017
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Login for redigering