Høyring av forskrift om anløpsavgift - Utvikling av hamner, kaianlegg og sjøområde

friluftslivets aar .jpg - Klikk for stort bilete

Ørsta kommune er og ønskjer å vere ein god og framtidsretta samfunnsaktør, og bidra til positiv utvikling. Kommunen har ansvar for sikkerheit og god framkomst i kommunen sitt sjøområde, samt planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av offentlege hamner og kaianlegg. 

Dokumentet som ligg til høyring og informasjon om hamneregulativ, finn du på lenkja: 

Utkast til forskrift om anløpsavgift


Vi ser større ferdsel på sjøen, og Hjørundfjorden blir stadig meir populært å besøke, også sjøvegen. Då må vi tenkje sikring av sjøområda og utvikling av kaianlegga. Kommunen ønskjer ein meir aktiv lokal hamne- og farvasspolitikk. Som eitt av fleire grep for å kunne styrke dette arbeidet, vil kommunen innføre anløpsavgift og hamneregulativ (betaling for bruk av infrastruktur og andre tenester i hamna) frå 1.januar 2018, jmf vedtak i formannskapet 14.11.2017. Forslag til forskrift om anløpsavgift blir dermed lagt ut til høyring.

Send gjerne inn merknader, seinast innan 7.desember 2017.

Merknader til høyringa kan sendast til e-post til postmottak@orsta.kommune.no, evt  Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. 

Sist endra 11.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering