Dette er den nye barnevernssjefen

Aina Opsvik_barnevernssjef.jpg

Aina Øyehaug Opsvik har takka ja til stillinga som leiar for den interkommunale barnevernstenesta i Volda.

Sidan noverande barnevernssjef Brynhild Solvang skal gå av med pensjon til nyttår, har Volda kommune vore på jakt etter ny leiar for barnevernstenesta denne hausten. Denne tenesta omfattar kommunane Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta, med Volda som vertskommune.

Etter intervjurunde i midten av september, fekk Aina Øyehaug Opsvik tilbod om stillinga. Ho har no også takka ja, med oppstart frå 01.01.2018.

Aina er 53 år, utdanna barnevernspedagog med tilleggsutdanning i mellom anna barnevernsleiing, og har lang praksis både som barnevernskurator og leiar i barnevernet.

I dag arbeider Aina som fagteamleiar ved det interkommunale barnevernet i Volda. Ho vil vere ein god etterfylgjer for Brynhild, som har gjort ein stor og god jobb med å byggje opp interkommunalt barnevern og fått drifta godt i gang.

Vi ynskjer Aina lykke til i ny stilling på nyåret!

Følg oss