Spada i jorda - no er det verkeleg!

20170630_105411.jpg

 

Det vart eit fint startskot på bygginga av fleirbrukshallen fredag. Borna frå fotballskulen laga god stemning og fekk vere med på fyrste spadetak. Endeleg er bygginga av fleirbrukshallen i gong! 

 Plan for fleirbrukshallen


Illustrasjonar av fleirbrukshallen

(Trykk for større bilete)

 

f.v. Prosjektleiar Frank Flusund, Ordøfrar Stein Aam og Rune Øiestad i HS Bygg.

 

Nøkkeltal:

Planlagt byggetid er ca 17 mnd og hallen skal stå ferdig innan november 2018.

  • Storleiken på hallen har no blitt omlag 8500 kvm. (Dvs den har vokse med 1670 kvm fra da den vart flytta frå Mosfalta og til utstillingsplassen. Likevel held vi nesten same budsjett som på Mosfalta i 2011 men då 1670 kvm mindre og lågare teknisk standard og brukarvennligheit.) 
  • Verdien på kontrakta er på ca 125,5 mill eks mva (omlag 157 mill inkl mva). 
     
  • Det vert trippelhall - 3 speleflater som kan skillast av med hev / senk veggar
  • Klatrehall med klatrevegg og buldrevegg
  • 60 meter 4 felts løpebane
  • lengde hoppegrop
  • turntreningsgrop
  • utvida areal for plass til skyvetribune
  • treningsrom til bordtennis med 4 meters takhøgd
  • stryketreningsrom
  • nye klubblokalar til ØIL
  • 2 ekstra klubbrom som kan nyttast til undervisningsrom for skule og anna sosialt samvære
  • 3 grupperom 
  • 5 garderobsett
  • romslig vestibyle / inngangsparti med ete- og sitteplassar
  • ny uteribune mot Ørsta stadion med delvis takoverbygg og speakerbod og tidtakerbod friidrett
  • utomhusareal med ny parkingsplass til 130 bilar
     
  • Ny utstillingsplass på Mosflata (ny grusbane) som skal erstatte eksisterande utstillingsplass og med plass til ca 190 bilar.
 

Les sist artikel om fleirbrukshallen:

Følg oss