Kultur, idrett og fritid

Kulturprisen 2017 - kven fortener den?

Vinnar av kulturprisen 2016, Jostein O. Mo. - Klikk for stort bileteVinnar av kulturprisen 2016, Jostein O. Mo. Kven er det du meiner har gjort seg fortent til Kulturprisen 2017? Send oss di grunngjeving! Frist 20.oktober 2017. 

I vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune heiter det m.a.: "Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege."

Kulturprisen er kr 20.000,-.
Grunngjeve framlegg kan sendast innan 20. oktober 2017 til: 
 
Ørsta kommune
kultur og landbruk
Dalevegen 6
6153 Ørsta.
 
Sist endra 30.10.2017
Fann du det du leita etter?

Nyhende

  • Utdeling av kulturprisen 2017
    Kulturprisen er ein diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Vi gratulerer Christian Gaard Bygdetun med prisen i 2017!
  • Nye Ørstahallen er i rute
    I dag var Ordførar Stein Aam og prosjektleiar Frank Flusund på synfaring på anleggsområdet til den nye Ørstahallen. Planen er at hallen skal stå ferdig til jul neste år, med dato 7. desember 2018. Delmålet er at bygget skal vere tett til påske 2018.
  • Kulturprisen 2017 går til Christian Gaard
    Ørsta kommune sin kulturpris vert i år tildelt Christian Gaard. Det er levekårsutvalet som har vedteke dette. Det kom i år inn fleire framlegg enn på mange år. Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 14. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.
  • Nye Ørstahallen - "minutt for minutt"
    På heimesida til nye Ørstahallen kan du følgje byggeprosessen:
  • Frå Ørsten til Ørsta – for 100 år sidan
    Ved kongeleg resolusjon 3. november 1917 vart det kunngjort at «herefter skrives saaledes, – i nuværende form Ørsten i fremtidig form som Ørsta herred».

snakk med oss.png

Login for redigering