Ørsta-album

Det har hittil kome ut 14 Ørsta-album, der bileta er sett saman i ulike tema, som viser livet i Ørsta før og no.

Bileta i albuma er lånt frå privatpersonar, avisa Møre-Nytt eller henta frå kommunen sitt eige arkiv.

I kvart album er der eit omfattande personregister som gjer det lett å finne fram. Ørsta-album er geografisk avgrensa til det som tidlegare var Ørsta kommune før samanslåinga med Vartdal og Hjørundfjord.
Aktive sogelag i bygdene i heile kommunen gir ut gode årsskrift og sikrar på den måten både fotografi og tekst for ettertida.
 
Ørsta-album kan kjøpast i bokhandlane, hos Ørsta kino eller på Servicekontoret på Rådhuset. Jostein O. Mo er redaktør for Ørsta-album.
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 07.11.2017
Fant du det du lette etter?