Kaihuset

Kaihuset_qhdr.jpg - Klikk for stort bilete Kaihuset er eit allaktivitetshus for ungdom mellom 13 og 18 år.
 
I 1. høgda går til "reine" ungdomstilbod som: kiosk, internettkafe, scene for konsertar, kafé, biljard og speling på storskjerm (playstation, wii og xbox). Det er 1 øvingsrom for band i fyrste høgda, og der er det mogleg å spele instrument utan at naboen klagar på bråk!
 
I 2. høgda finn ein hobbyrom og kontor for dagleg leiar og musikkansvarleg. I tillegg er det eit sosialt samlingspunkt med sofa og minikjøken.
 
I 3. høgda held kulturskulen til som har musikk, kunst og dramatilbod.
 

 

Opningstider


Øvingsromma er ope onsdagar frå klokka 15 - 21.30.
Det kostar kr. 300,- per person å få ein øvingstid på 2.5 time ein dag i veka. Årsaka til at dette kostar pengar er at vi har store utgifter til utstyr og ikkje har rom i budsjettet for det utan ei viss brukerbetaling. Ein skal vende seg til musikkansvarleg om ein ønskjer å leige øvingsrom.
 
Ungdomskafeen held ope onsdagar frå kl 16.00 til 21.30.
I tillegg er det ope einskilde dagar ved spesielle arrangement/aktivitetar.
 
Aldersgrense er til vanleg 8.klasse. 
Kaihuset er sjølvsagt ein rus-, røyk- og snusfri stad, og vi har ein nulltoleransepolitikk på desse områda.
- Det vil seie utvisning!  
 

Kva er Kaihuset?

 
Kaihuset vert drive av Ørsta kommune, og den primære målsetjing er å leggje til rette for aktiv ungdom og at desse er basis for drifta. Huset tilbyr ein plass der ungdom kan vere kreative og aktive om dei ynskjer det, men i like stor grad er Kaihuset ein møteplass for ungdom der dei både kan vere ilag med kvarandre og samtidig ha moglegheit for å snakke med vaksne om store og små ting i livet.
 
Kaihuset er til for ungdom - der det skal skapast rammer for at ungdom skal kunne trivast og utfalde seg, på ein måte som passar for dei. Mykje av drifta baserer seg på at ungdommen skal ha evne og vilje til å ta ansvar for eigne tilbod, blant anna gjennom å jobbe som crew i kafeen med drift av kiosken, musikk og arrangement.
 
Kaihuset har eige husstyre som består av ungdom frå crewet og dei tilsette – her vert forslag, spørsmål og problemstillingar frå ungdommen som bruker huset og dei tilsette handsama.
 
Noko vi meiner er viktig er å syte for er at Kaihuset er ope for all ungdom mellom 13 -18 år og det er difor gratis å vere på huset med unntak av spesielle arrangement som konsertar o.a. slik at det ingen vert utestengd grunna t.d. vanskeleg økonomi. Det er også universell utforming på lokala slik at ungdom med særlege behov kan ta seg inn og vere på huset.
 
 
Sist endra 29.01.2018
Fann du det du lette etter?

Nyhende

Chat ikon

Kontakt

Janne Skarstein Leiar kulturhuset/kaihuset
70045500
@ Janne Skarstein