Merking og skilting av turruter/ turråser

turskilt.jpg - Klikk for stort bilete

Ørsta kommune ønskjer å informere lag og organisasjonar om at dei kan få økonomisk støtte til å merke og skilte turruter i friluftsområde i samsvar med nyleg utarbeidd retningsline. Kommunen kan dekke kostnadane etter søknad. Tilrettelegging for friluftsliv er ei viktig folkehelsesatsing, og i dette arbeidet ønskjer kommunen eit samarbeid med lag og organisasjonar.
 

 

Bakgrunn

I 1997 gav Ørsta kommune ut turkartet ”Sunnmørsalpane”. Ei oppdatert utgåve kom i 1999. Som ei vidareføring av dette kartprosjektet er det no laga retningsliner og mal for merking og skilting i friluftsområde. I kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2013 – 2020 er målet om ferdigstilling av arbeidet med retningsline for merking av turruter omtalt som ei satsing. Retningslina vart vedteken i kommunestyret 04.02.14. Føremålet med ”God helse – folkehelsefondet”, som er gjeve av Stiftinga Ørsta og Volda Bedriftshelseteneste, er folkehelsearbeid. Dette fondet gjer at kommunen no har pengar til å gjennomføre merkinga. Men vi ønskjer hjelp frå frivillige lag og organisasjonar til dette viktige arbeidet.

 

Kvifor?

Føremålet med retningslina er å få ei god, einsarta og heilskapleg skilting og merking av turområde. Det er eit viktig ledd i folkehelsesatsinga å legge til rette for eit aktivt og variert friluftsliv. Gjennom å skilte og merke turruter vil terskelen for å utforske nye turar verte senka.

 

Kva er retningslina?

Retningslina består av ein tekstdel og ein kartdel. Tekstdelen omtalar dei fire sonene som friluftsområda er delt inn i. Tekstdelen gjev forklaring på inndelinga av kartdelen og det er laga ein tabell som viser soner og terrengkategoriar, omtale og føringar for bruk av skilt, informasjon og merking i dei ulike sonene. Kartdelen inneheld fargekodar, som viser soneinndelinga.  Retningslina og kartdel finn du ved dokumenta til høgre.

 

Korleis søke?

Skildre tiltaket og kvar turruta ligg. Kommunen kan dekkje dokumenterte kostnader med skilt, maling, utstyr og liknande. Send søknaden til Ørsta kommune ved Plan- og utviklingsstaben, rådhuset, 6153 Ørsta.

To fluger i ein smekk - hjelp oss å registrere gode turruter på kart !
I tillegg til merking og skilting ønskjer Ørsta kommune å opparbeide ein digital database med turar, registrert med GPS. Kommunen låner ut GPS til dei som har lyst å vere med å registrere gode turruter. Dette vil vere eit svært nyttige grunnlag for eit seinare turkartprosjekt.

 

 

 

 

 

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Ingvild Endal Folkehelsekoordinator
91765389
@ Ingvild Endal
Gunnar Wangen Leiar Plan og miljø
90646645
@ Gunnar Wangen
Servicekontoret .
70049700
@ Servicekontoret .

Nyhende