Studiedag i Ørstabarnehagen:

- Vi er hjerneutviklarar!


t.v: Grete Helle og Tom Rune Fløgstad frå Ringer i vann har det faglege ansvaret for studiedagen.

I dag har Ørstabarnehagen studiedag, og barnehagane er stengde. Dette betyr ikkje at dei tilsette i barnehagane ligg på latsida, snarare tvert i mot. 


Halde følge med utviklinga

Studiedag_Ørstabarnehagen2.jpg

Alle tilsette i Ørstabarnehagen har i dag vore samla til studiedag, både i eigen barnehage og på kulturhuset. Fokuset for dagen har omhandla born si utvikling, og særleg kva som fremjar og hemjar utviklinga av hjerna. Alle tilsette i Ørstabarnehagen har i dag fått ny tittel - vi er hjerneutviklarar!

I tråd med lokal rammeplan for Ørstabarnehagen skal tilsette vere kompetente vaksne som er i stadig utvikling og endring. Tilsette sitt arbeid skal vere prega av ei anerkjennande haldning. Dei skal ha kunnskap om born si utvikling og vere undrande og rause vaksne som tek born på alvor.

 

Kvalitet gjennom auka kompetanse

Ørstabarnehagen skal stå for kvalitet. Det betyr mellom anna at vi må gi dei tilsette auka kompetanse om lov og rammeplan, men også om born si utvikling.

Grete Helle og Tom Rune Fløgstad i firmaet Ringer i vann har hatt det faglige ansvaret for studiedagen. I boka si «Ledelse av verdistyrte barnehager» skriv dei følgjande: «Den som føler seg ferdig utlært, er ikke utlært, men ferdig.» Studiedagane i er viktige dagar for Ørstabarnehagen. Då kan alle tilsette få auka kompetanse samtidig - og arbeide i lag for å betre kvaliteten i barnehagane.

Ringer i vann er Ørstabarnehagen sine rettleiarar i utviklingsarbeidet «Saman om Ørstabarnehagen - verdibasert leiing.» Gjennom leiarsamlingar og studiedagar får vi lære nye verkty og å arbeide meir målretta og heilskapleg og å få fram det særeigne med Ørstabarnehagen.

Kontakt

Reidun Mo barnehagemynde / rådgjevar barnehage
47641489
@ Reidun Mo

Følg oss