Spelemidlar til idrettsanlegg

Idrettsanlegg.jpg - Klikk for stort bilete

Søknader om tilskot frå spelemidlane må vere komne til Ørsta kommune innan 20. oktober 2017. Tilskot kan ytast til vanlege idrettsanlegg, rehabilitering, nærmiljøanlegg eller anlegg for friluftsliv. 

Til no godkjende søknader og kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet er avgjerande forprioriteringa.
Søknaden/planane må ha idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning som vedlegg. For nærmiljøanlegg gjeld særskilde reglar.
 
Tidlegare søknader må fornyast for å telje med vidare. Søknader som kjem inn etter fristen har ikkje krav på vidare handsaming. Søknadsskjema er tilgjengeleg og skal leverast elektronisk på nettstaden www.idrettsanlegg.no. Det er nytt skjema i år.
Sist endra 29.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering