Redusert foreldrebetaling

Lov om barnehagar og forskrift om foreldrebetaling i barnehagen avgjer foreldrebetalinga i barnehagen. Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass.

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om reduksjon og gratis kjernetid.


Søknadsfrist

Du kan søke heile året. Vedtaket gjeld frå fyrste heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.

Søker du innan 15. juni vil søknaden din bli behandla og gjort gjeldande frå 1. august


Søk kvart år

Søkar må søke kvart år for å få redusert foreldrebetaling. Reduksjonen gjeld eit barnehageår i gangen.

Det blir fatta vedtak ved søknad og sendt ut.


Søknadskjema

Du søker via foreldreportalen Vigilo:

vigilo.no/orsta Etter innlogging: Vel "Søknader", "Ny søknad" og "Redusert betaling".

 

Meir info:

Søskenmoderasjon

 

Har du meir enn eit barn i barnehage i same kommune, har du rett på søskenmoderasjon.​ Føresette treng ikkje å søke for å få denne moderasjonen.

Retten til søskenmoderasjon gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar, eller i barnehagar med forskjellige eigarar.

Reduksjon for det andre barnet er minimum 30 prosent. Fra 1. august 2023 blir barnehagen gratis fra tredje barnet for foreldre som har flere barn i barnehagen samtidig. 

Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er også avgrensa av maksimalprisen. Det er hushaldet si brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie inntekter skal ikkje inkluderast. 

  • Skattepliktige ytelser som arbeidsavklaringspenger, dagpenger, uføretrygd er eksempel på inntekter som reknast med i grunnlaget. Det er bruttosats som må dokumenterast.
  • Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån til dømes er skattefrie ytelser/overføringar som ikkje reknast med i inntektsgrunnlaget

Som eit hushald reknar ein ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Bur eit barn fast med begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 

Meir informasjon om ordninga finn du på utdanningsdirektoratet sine heimesider: Foreldrebetaling

Gratis kjernetid

 

Frå 1. august 2016 har alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med lav inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. 

Meir informasjon om ordninga finn du på Utdanningsdirektoratets heimesider.

Krav til dokumentasjon

 

Når du søker blir informasjon om skatt og inntekt henta inn automatisk. Du treng ikkje lenger å legge ved skattemeldinga.

Men om du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal disse dokumenterast. Dette er mellom anna renteinntekter, aksjeutbytte, leieinntekter. Søknaden blir ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Om grunnlaget for siste fastsetting av formue - og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattemynde og kommunen ikkje har grunnlag for å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkar om å legge fram anna gyldig dokumentasjon.

Slik dokumentasjon kan vere:

  • Vedtak fra NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgiver som viser vesentlig endring i lønn
Handsaming

Søknadar vert handsama etterkvart. Vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet.

Søknaden om redusert foreldrebetaling gjeld så lenge barnet har plass i barnehagen.

Forskrift om foreldrebetaling § 3e Kommunens behandling av søknader:

«Kommunen skal innhente de opplysninger den trenger for å behandle søknader om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Kommunen må innhente navn på barnet som det søkes om moderasjon for og navn på personer i husholdningen der barnet er folkeregistrert fra søker, jf. § 3d andre ledd.

Kommunen kan, uten hinder av taushetsplikt, innhente grunnlaget for siste fastsetting av formues- og inntektsskatt for husholdningen fra skattemyndighetene for å dokumentere husholdningens inntekt for det siste året, jf. 
skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a.

Dersom søknaden om reduksjon gjelder for hele den tiden barnet har barnehageplass i kommunen, kan kommunen innhente opplysninger som nevnt i første og andre ledd og fatte nye vedtak om moderasjon så lenge barnet går i barnehage

Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.

 

Kontakt

Irene Yksnøy Lianes rådgjevar barnehage
46824228
@ Irene Yksnøy Lianes
Reidun Mo barnehagemynde / rådgjevar barnehage
47641489
@ Reidun Mo