Ønskjer du å TA TAK?

TA TAK - bilete.jpg - Klikk for stort bilete

 

TA TAK er eit kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med psykiske vanskar og/eller rusmiddelavhengigheit. 

Kurset TA TAK er gratis og går over 6 kveldar, med ein kurskveld i veka.

Tema på kurskveldane:

  • Meistring og verdigheit
  • Tvang og rettigheiter
  • Behandling
  • Pårørandeorganisasjonar
  • Søsken og andre barn i familien
  • Familieperspektivet

Det er to innlegg på kvar kurskveld. Eit av fagpersonar frå kommune eller 2.-linjetenesta og eit av personar som deler eigne erfaringar.

Kurset vert halde på HakalleStrandhus (nedanfor Hakallegarden) onsdagar kl. 18.00-20.30, med oppstart 20.9.2017. 

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med Magni eller Perdis innan 6.september 2017:

Magni Vildalen magni.vildalen@vanylven.kommune.no Tlf. 480 43 273
Perdis Skarmyr perdis.skarmyr@vanylven.kommune.no Tlf. 90500219

Arrangør: Vanylven kommune i samarbeid med kommunene Ulstein, Herøy, Hareid, Sande, Volda og Ørsta, Kompetansesenter Rus – Midt-Norge (KoRus) Lærings- og mestringssenteret, TSB Ålesund og DPS Volda

Sist endra 07.08.2017
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Login for redigering