Næringsprisen for Ørsta kommune

Vinnar av Næringsprisen 2016, Bjørdal industrier. - Klikk for stort bileteVinnar av Næringsprisen 2016, Bjørdal industrier.

Ørsta formannskap delar ut næringsprisen kvart år. I år er fristen 1. november 2017.

Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.

Framlegg til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar. Framlegg skal vere skriftleg og helst med grunngjeving. Statuttane for prisen finn du øvst på sida. 

 
Frist for innsending: 01. november 2017.

Send framlegg til postmottak@orsta.kommune.no eller
 
Ørsta kommune
Dalevegen 6
6153 Ørsta
 
 
 
Sist endra 29.09.2017
Fann du det du leita etter?

Nyhende

  • Vi skal ikkje jobbe meir, men smartare
    Utviklingsprosjektet «Saman om Ørstabarnehagen» har som mål å styrke alle barnehagane i kommunen. Allereie før det fyrste året er omme har Ørstabarnehagen klart å lage ferdig ein lokal rammeplan som gjeld for alle 11 barnehagane i kommunen. Det vert ikkje gjort forskjell på om barnehagen er liten eller stor, kommunal eller privat – arbeidet med å løfte barnehagane skal bety noko for alle borna i Ørsta kommune.
  • Dette er den nye barnevernssjefen
    Aina Øyehaug Opsvik har takka ja til stillinga som leiar for den interkommunale barnevernstenesta i Volda.
  • Lokal rammeplan er på plass
    Ørstabarnehagen har fått på plass lokal rammeplan for Ørstabarnehagen. - Desse flotte damene er sjølvsagt veldig nøgde med det!
  • Barnevernstenesta Hareid-Ulstein-Volda-Ørsta
    Bur du i Hareid, Ulstein, Volda eller Ørsta og treng å kome i kontakt med barnevernet? Då kan du ringe telefon 70 05 88 00.
  • Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling
    Lov om barnehagar og forskrift om foreldrebetaling i barnehagen avgjer foreldrebetalinga i barnehagen. Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass. Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om reduksjon og gratis kjernetid.

snakk med oss.png

Login for redigering