Kulturprisen 2017 - kven fortener den?

Vinnar av kulturprisen 2016, Jostein O. Mo. - Klikk for stort bileteVinnar av kulturprisen 2016, Jostein O. Mo. Kven er det du meiner har gjort seg fortent til Kulturprisen 2017? Send oss di grunngjeving! Frist 20.oktober 2017. 

I vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune heiter det m.a.: "Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege."

Kulturprisen er kr 20.000,-.
Grunngjeve framlegg kan sendast innan 20. oktober 2017 til: 
 
Ørsta kommune
kultur og landbruk
Dalevegen 6
6153 Ørsta.
 
Sist endra 29.09.2017
Fann du det du leita etter?

Nyhende

  • Vi skal ikkje jobbe meir, men smartare
    Utviklingsprosjektet «Saman om Ørstabarnehagen» har som mål å styrke alle barnehagane i kommunen. Allereie før det fyrste året er omme har Ørstabarnehagen klart å lage ferdig ein lokal rammeplan som gjeld for alle 11 barnehagane i kommunen. Det vert ikkje gjort forskjell på om barnehagen er liten eller stor, kommunal eller privat – arbeidet med å løfte barnehagane skal bety noko for alle borna i Ørsta kommune.
  • Dette er den nye barnevernssjefen
    Aina Øyehaug Opsvik har takka ja til stillinga som leiar for den interkommunale barnevernstenesta i Volda.
  • Lokal rammeplan er på plass
    Ørstabarnehagen har fått på plass lokal rammeplan for Ørstabarnehagen. - Desse flotte damene er sjølvsagt veldig nøgde med det!
  • Barnevernstenesta Hareid-Ulstein-Volda-Ørsta
    Bur du i Hareid, Ulstein, Volda eller Ørsta og treng å kome i kontakt med barnevernet? Då kan du ringe telefon 70 05 88 00.
  • Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling
    Lov om barnehagar og forskrift om foreldrebetaling i barnehagen avgjer foreldrebetalinga i barnehagen. Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass. Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om reduksjon og gratis kjernetid.
Login for redigering