Kommunalt tilskot til etablering eller oppgradering av turvegar

Turveg1.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kommunestyret har sett av midlar til ei ny kommunal tilskotsordning. Føremålet er å gje lag- og  foreiningar, skular, barnehagar, idrettslag eller einskildpersonar moglegheit til å søkje midlar til rydding, etablering, oppgradering inklusiv skilting av sentrumsnære snarvegar, turstiar, turvegar og løyper. 

Tilskotet er i utgangspunktet tenkt for mindre kostnadskrevjande tiltak, men kan også være aktuelt på dyrare tiltak, om effekten er stor. 

Følgjande vil bli vektlagt i prioritering av søknader: 
- der det ligg føre avtale med grunneigar
- gjev samanheng med eksisterande turveg/løypenett og ligg nær bustadfelt/sentrum
- er forankra i nærmiljøet og har engasjement hos søkjar  
- søkjar tek ansvar for drift/vedlikehald
- er utforma slik at breie brukargrupper kan nytte tiltaket
- er i samsvar med gjeldande areal- og reguleringsplanar
 
Med turveg er det her meint ein 1,5 meter brei grusa veg med til dømes 10 cm grus/pukk og duk.
 
Søknaden må grunngjevast etter kriteria ovanfor og teiknast inn på eit kart. Kostnadsoverslag og korleis prosjektet er tenkt finansiert må gå fram av søknaden saman med standard og behov for skilting. Vert det søkt på fleire tiltak lyt ein prioritere mellom prosjekta. Frist for gjennomføring av tiltak vert sett til maksimalt to år. Utbetaling etter dokumenterte utgifter.
 
 
Søknadsfrist 22. mai
Søknad kan sendast til:
Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 ØRSTA, eller postmottak@orsta.kommune.no
Eventuelle spørsmål kan rettast til Ingvild Endal på telefon 917 65 389 eller Gunnar Wangen på telefon 906 46 645
 
Sist endra 11.05.2017
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Ingvild Endal Folkehelsekoordinator
917 65 389
@ Ingvild Endal
Gunnar Wangen Leiar Plan og miljø
906 46 645
@ Gunnar Wangen
Login for redigering