Stad: Kommunestyresalen – Rådhuset i Ørsta kommune
Tid: Måndag 24.10.16 kl. 18.30-21.00
Pris: Gratis
Kurset gjev deg opplæring i kva alkohollova krev og kunnskap om korleis du kan handtere konfliktsituasjonar som er typiske på ein skjenkestad. Skjenkekontrollen vil også kome og fortelje om kva dei sjekkar og reagerer på når dei er ute på kontroll.
Målet er å få bransjen til å ta eit felles løft for å førebygge og redusere rusrelatert vald. Gjennom informasjon og opplæring av tilsette i utelivsbransjen og ved andre arrangement der det vert servert alkohol, vil vi gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i.
Trygt julebord? er eit kurs i regi av Ansvarleg Vertskap, som er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta, Politiet, bransjen, Kompetansesenter rus Midt-Norge og Helsedirektoratet.
PROGRAM:
18.20 – 18.30 Oppmøte og registrering
18.30 – 18.45 Opning v/Rune Akerø Svenslid, KoRus
18.45 – 19.00 Bransjen v/Åge Staurseth, Rokken
19.00 – 19.30 Alkohollova og dei nye reglane i lova og i alkoholpolitisk handlingsplan v/ kommune og Magne Olav Strømme, Securitas
19.30 – 19.50 Pause
19.50 – 20.20 Kommunikasjon og konflikthandtering v/Pål Inge Olsen, politiet
20.20 – 21.00 Skjenkekontrollen v/Magne Olav Strømme, Securitas
Påmeldingsfrist: 17.10.16. Trykk her for påmelding.