Årsmelding barneverntenesta

barnevernstenesta.jpg

2016 var det første heile driftsåret der alle tilsette hadde sin arbeidsstad i Volda rådhus. I tillegg til det lovpålagte barnevernsarbeidet, har tenesta ansvar for butiltaka for einslege mindreårige flyktningar i Volda og Ørsta. Samla er det om lag 60 årsverk i tenesta.

Fullstendig årsmelding

 Fullstendig årsmelding


Meldingar og undersøkingar

Tenesta fekk i løpet av året 295 meldingar om bekymring for barn sin omsorgssituasjon, 50 fleire enn i 2015. Så å seie alle meldingane var av ein slik karakter at dei måtte undersøkast. Det har vore ein markant auke i meldingar om vald og seksuelle overgrep, samt på barn som lever i ein kvardag prega av store konfliktar mellom foreldra. 
 
Ei undersøkinga skal som hovudregel avsluttast innan 3 månader, noko tenesta ikkje klarte i alle saker. Dette skuldast tilhøve der ein av foreldra var bortreist pga arbeidssituasjonen, særskilte vanskar pga av kultur og språkvanskar, at saka var av ein særleg arbeidskrevjande og/eller omfattande karakter, eller at familien trengte tid til endring av ulike tilhøve. Det er viktig å understreke at ingen barn har lidd overlast pga brot på denne tre månaders regelen, men har kontinuerleg blitt følgt opp av undersøkingsteamet som har arbeidd med saka. 
 

Hjelpetiltak

Ved utgangen av året mottok 219 barn og deira familiar ulike former for hjelpetiltak, 50 fleire enn i 2015. Vi erfarer å ha god nytte av vårt eige «familieteam» som består av terapeutar som arbeider direkte med endringstiltak i familiane. Det er eit mål å gi barna rett hjelp til rett tid, og alle hjelpetiltak vert evaluerte ilag med borna og deira føresette. Alle barna som fekk hjelpetiltak hadde ved utgangen av året sin eigen tiltaksplan. 
 

Barn som bur utafor heimen

Tenesta hadde ansvar for 59 barn under 18 år som budde utafor heimen, mot 58 ved utgangen av førre året. Dei aller fleste av desse bur i fosterheim. Alle desse hadde ved utgangen av året sin eigen omsorgsplan. Dei fleste av desse har krav på 4 besøk av barnevernstenesta i løpet av eit år. Det er ikkje i alle saker ein har klart å stette dette kravet, oftast pga av avlysingar eller sjukdom. Dei fleste har likevel hatt 3 slike besøk, ein har hatt kontakt pr telefon, har møtt dei når dei har hatt samvær med biologisk familie, på ansvarsgruppemøter eller andre naturlege treffpunkt.
 

Tilsynsordninga

Samarbeidskommunane hadde ved utgangen av året tilsynsansvar for 74 barn i fosterheim i våre kommunar (Volda 28, Hareid 16, Ulstein 12, Ørsta 19). Dei fleste av desse er andre kommunar sine omsorgsbarn, men der vi har ansvar for tilsynet.
 
Tilsynsførarordninga er frå styresmaktene anbefalt å ligge til ein annan instans enn barnevernstenesta. På rådmanns- og ordførarnivå er det likevel bestemt at ansvaret for ordninga skal ligge hos barnevernet inntil vi får ny barnevernslov om ikkje så altfor lenge. 
 
Denne ordninga har aldri, verken på landsbasis eller i våre kommunar, fungert etter intensjonane, om at barn som bur i fosterheim skal ha sin eigen tilsynsførar som skal besøke dei 4 ggr pr år. I 2016 øyremerka vi 50% stilling til oppfølging av dette, og det har vore lagt ned eit stort arbeid med å søke å betre ordninga. Dersom ein ser siste halvår og talet på gjennomførte tilsynsbesøk, ser ein stor framgang. For første halvår var 31 krav om tilsyn oppfylt, medan 43 ikkje var oppfylt. For andre halvår var 50 krav om tilsyn oppfylt, medan 24 ikkje var det. Ved neste rapportering vil ein vonleg sjå at fleire har fått dei tilsynsbesøka dei har krav på etter lova. 
Det er fleire årsaker til at barn ikkje har fått dei tilsynsbesøka dei har krav på. Desse kan vere utanforliggande, og gjeld tilhøve som barnevernstenesta ikkje har kontroll på. For at ordninga skal fungere, krev det jamn oppfølging i form av rettleiing og kontroll av talet på besøk, samt rapportering. Når dette blir følgt opp, viser det seg at tilsynsordninga fungere betre. Det er mogleg at ordninga ikkje vil kunne fungere optimalt med mindre ein tilsett eigne tilsynsførarar i faste stillingar
 

Utfordringar

Som for andre offentlege tenester er barnevernstenesta utsett for strenge dokumentasjonskrav, og vi søkjer etter beste evne å stette desse. Etter å ha nådd målet om at alle barn skal ha sin tiltaks- eller omsorgsplan, vil vi no sette fokus mot å nå målet om at undersøkingar i hovudsak skal vere avslutta innan fristen på 3 mnd. Å få tilsynsførarordninga til å fungere etter dei krava som lova set, er eit anna prioritert område. Målet er at alle barn som bur i fosterheim skal ha besøk av barnevernstenesta 4 ggr pr år, i tillegg til besøk av sin eigen tilsynsførar 4 ggr pr år. 
 
Vi vil også søkje å følgje opp foreldre som ikkje lenger har omsorga for sine eigne barn på ein meir kontrollerbar måte enn før. I dag får alle foreldre tilbod om kontakt med familievernskontoret, som har eit eige tilbod til denne gruppa. Og sjølv om vi har god kontakt med dei aller fleste foreldra, vil vi innføre rutinar, slik at alle blir kalla inn til ein formalisert samtale to ggr pr år. På den måten kan vi følgje med i deira utvikling på ein meir systematisk måte enn i dag. 
Sjå vedlagte årsmelding for fleire detaljar.
 
-----
1.mars 2017 
Brynhild Solvang
barnevernssjef
 

Følg oss