Kommunereform

kommunereform.png - Klikk for stort bilete


Stortinget har vedteke å gjennomføre ei kommunereform. Målsettinga er større og meir robuste kommunar som kan handtere notidas og framtidas utfordringar og oppgåver.  

Kommunane har fått eit utgreiingsansvar. Det inneber at alle kommunar skal gå gjennom prosessane med å diskutere og vurdere samanslåing, samt gjere vedtak om samanslåing innan våren 2016.

Fylkesmannen har ei koordinerande og rettleiande rolle i prosessen. Fylkesmannen skal sjå heilskapen i regionen og sjå til at prosessane som er sett i gong vert avslutta med konkrete vedtak innan våren 2016. Regjeringa sitt mål er at ny kommunestruktur skal vere på plass frå 2020.

Kva oppgåver kommunane skal ha er ikkje endeleg avklart. Det vert lagt fram ei Stortingsmelding om oppgåvedeling for kommunane og regionalt nivå (fylkeskommunen) i løpet av mars 2015. Inntektssystemet vert revidert i løpet av Stortingsperioden.


Tidsplan
 

Reforma har ein stram tidsplan. Prosessen har tre fasar:

1. Oppstartsfase
Innan 31.12.2014 skal kommunestyra ha gjort vedtak om oppstart og organisering.

2. Utgreiingsfase
I løpet av 2015 skal kommunane utgreie ulike alternativ. Det skal leggast vekt på stor grad av medverknad i denne fasen.

3. Avgjerdsfase
Innan 30. april 2016 skal alle kommunestyra ha handsama sak om kommunereforma. Vedtak skal sendast fylkesmannen innan 1. juli 2016. Stortingshandsaming av ny kommunestruktur skal så skje i juni 2017.
 

Lokal prosess


Kommunestyret er styringsgruppe for prosessen lokalt, med ordføraren som prosjektleiar.     

I løpet av mars/april legg ein opp til fleire innbyggjarmøte. Kommunen har invitert til ein ”tenketank” som skal gje råd og innspel til prosessen. Hausten 2015 vert det gjennomført innbyggjarundersøking om kommunereforma. Ørsta kommunestyre har fatta vedtak om folkeavrøysting, og denne er tidfest til våren 2016. Parallelt med desse medverknadsaktivitetane vert det arbeidd med utgreiingar av aktuelle alternativ.
 

Informasjon

 

Les om bakgrunn for reforma, rapportar, osb. på nett:

Regjeringa har oppretta ei eiga heimeside om kommunereforma www.kommunereform.no.
Sida www.nykommune.no er eit utredningsverktøy for samanslåing av kommunar. 
Både Fylkesmannen i Møre og RomsdalDistriktssenteret og KS har eigne temaside om kommunereforma. Sunnmøre regionråd er eit regionalt samarbeidsorgan som er engasjert i kommunereformprosessen. Rådet gjennomførte ei innbyggjarundersøking om kommunereforma i september 2014.

 
Fann du det du leita etter?

Nyhende

  • Lokal rammeplan er på plass
    Ørstabarnehagen har fått på plass lokal rammeplan for Ørstabarnehagen. - Desse flotte damene er sjølvsagt veldig nøgde med det!
  • Barnevernstenesta Hareid-Ulstein-Volda-Ørsta
    Bur du i Hareid, Ulstein, Volda eller Ørsta og treng å kome i kontakt med barnevernet? Då kan du ringe telefon 70 05 88 00.
  • Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling
    Lov om barnehagar og forskrift om foreldrebetaling i barnehagen avgjer foreldrebetalinga i barnehagen. Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass. Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om reduksjon og gratis kjernetid.
  • Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing
    Styrarar og pedagogisk leiarar frå alle barnehagane i Ørsta var torsdag og fredag samla i Loen til leiarsamling.
  • Saman om Ørstabarnehagen
    I dag, 24. mars held Ørstabarnehagen studiedag på Ørsta kulturhus. Vel 230 tilsette er samla til startskotet for utviklingsarbeidet ”Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing”.

snakk med oss.png

Kontakt

Gro Anita Bårdseth Planleggar
903 60 729
@ Gro Anita Bårdseth
Login for redigering