Naturskadeerstatning

Naturskadeerstatning er ei statleg erstatningsordning for objekt som det ikkje er høve til å forsikre gjennom vanleg privat erstatning.

Statens naturskadefond dekkjer skade på objekt det ikke er mogeleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg privat forsikringsordning. Det avgjerande er om objektet kunne forsikrast, ikkje om det faktisk var forsikra.

Døme på skadeobjekt som kan erstattast etter den statlege ordninga: 

  • Vegar og bruer i privat eige
  • Frittståande murar/forbygningsanlegg
  • Kaier/molo som småbåthamneanlegg av mur/stein i privat eige
  • Gjerder det ikkje er adgang til å forsikre
  • Jordbruks- og skogsbruksareal
  • Utmark ved skade på grunnen
  • Skog - Obs! stormskader på skog dekkast ikkje 

Skade skal meldast til lensmann som utfører lensmannsskjønn, slik at mellom anna skadetakst vert fastsett. Saka vert så meld til Landbruksdirektoratet, der den vert handsama av styret for Statens naturskadefond.

Ved den statlege ordninga er det en eigendel på kr 10.000 som vert trekt frå taksten. Det kan også bli gjort avkortning i taksten. Etter at eigendel og eventuell avkortning er trekt frå, har ein funne berekningsgrunnlaget. Skaden vert erstatta med 85 % av berekningsgrunnlaget.

Sist endra 25.11.2016
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Nyhende