Borgarleg vigsle

Ekteskapet.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 kan de gifte dykk borgarleg i kommunen. Her i Ørsta er det ordførar Stein Aam, varaordførar Karen Høydal, rådmann Wenche Solheim og assisterande rådmann Eldar Øye, som har mynde til å utføre vigsle. Alle som ønskjer det kan gifte seg borgarleg i Ørsta kommune.

 Søknadsskjema

 Ettersending av prøvingsattest

 

Før vigslinga

Slik går du fram:

  1. For å inngå ekteskap i Noreg, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette vert utført av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Der vil du få ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader, dersom vilkåra er oppfylt. 
     
  2. Prøvingsattesten skal sendast til kommunen i god tid, seinast to veker før bryllaupsdato.
     
  3. Ta gjerne kontakt med kommunen i god tid før dette for tinge tid og stad. Til tidlegare til betre med tanke på å reservere datoen.
     
  4. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet for å gjere avtale med kommunen. 

 

Korleis ordnar eg med nødvendige papir?

Skjermbilete av nettsida til skattetaten. (Trykk på biletet for å gjere det større).  - Klikk for stort bileteSkjermbilete av nettsida til skattetaten. (Trykk på biletet for å gjere det større).

For at staten skal gjennomføre prøving av ekteskapet, må du sende inn både eigenerklæring og forlovarerklæring til ditt lokale skattekontor.  

For å gjere denne prosessen enklare har Skatteetaten laga ein god hjelpar i Vegen til ekteskapet steg for steg. Her får du stegvis innføring i prossesen for korleis ein inngår ekteskap i Noreg.
 

 


 

Kva kostar det å gifte seg borgarleg?

Tilbodet er gratis så lenge de vil gifte dykk på rådhuset og i vår opningstid. Ørsta kommune er fleksibel på når og kvar vi tilbyr vigslar. Men dersom de ønskjer å gifte dykk ein annan stad enn på rådhuset og utanom kontortid, må dette avtalast. De kan melde inn ønskje om dette på søknadsskjemaet vårt. Brudeparet må sjølve gjere avtale om leige av og betaling for andre lokale enn rådhuset.

Kommunen tek betaling for ekstrakostnader ved vigslar utanfor kontortid og utanfor rådhuset. Timesatsen er kr. 1200.-.

 

Vigslinga

Brudeparet, vitne og gjestar bør møte opp 10 minutt før avtalt tid og melde seg på servicekontoret. Dei vil vise dykk til lokalet. Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Med mindre anna er avtalt, må brudeparet syte for at vitne er til stades for å signere prøvingsattesten.

NB: Vigslaren pliktar å kontrollere brudeparet sin identitet før seremonien, så hugs å ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)

Sjølve seremonien tek om lag 15 minutt. Meld frå om de ønskjer innslag, som til dømes musikk eller opplesing, under seremonien. Søknadsskjemaet har eige utfyllingsfelt for det.     

Seremonien vert avslutta ved at brudeparet, vitna og vigslaren signerer prøvingsattesten, som skal sendast til folkeregisteret.

Etter vigslinga vil brudeparet få tilsendt ein mellombels vigsleattest frå kommunen. Den vert også sendt til folkeregisteret saman med den signert prøvingsattesten. Folkeregisteret utferdar endeleg vigsleattest.

Dersom ein av dykk er framandspråkleg må de avtale på førehand kva språk som skal nyttast under seremonien. Vigslinga kan utførast på norsk eller engelsk. Dersom ein eller begge ikkje meistrar engelsk, må brudeparet syte for kvalifisert tolk.
 

 

Etter vigslinga                  

Om du skal skifte etter- eller mellomnamn i høve giftarmålet må du hugse å søke om namneendring. Hugs at ved namneendring må du oppdatere legitimasjon som t.d. bank-ID, bankkort, førarkort og pass:

 

 

 

Retningslinjer for kommunal vigsle i Ørsta kommune

Kommunestyret 14.12.17 vedtok at:

1) Den kommunale vigsleretten vert i Ørsta utført av ordførar, varaordførar, rådmann og assisterande rådmann.

 2) Vigsle kan i utgangspunktet finne stad i kontortida på vekedagar. Vigsletidspunktet vert fastsett etter dialog på førehand mellom brudefolket og vigslaren.  

 3) Vigsel i andre lokale/andre stader og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid må avtalast med vigslaren, og der kommunen fakturerer dei faktiske utgiftene.

 4) Det administrative ansvaret for vigsleordninga vert delegert til rådmannen. Rådmannen får i oppgåve å legge til rette for at vigslane kan finne stad innanfor verdige rammer og å lage utfyllande retningsliner i samsvar med dei føringane som er gjevne. 

Dette fagområdet er nytt for oss, vi takkar for forståing for at rutiner rundt dette kan bli endra undervegs.

Fant du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Eldar Øye Ass.rådmann
70049732
@ Eldar Øye
Servicekontoret .
70049700
@ Servicekontoret .