Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyve for forflyttingshemma vert tildelt bilførar eller passasjer, etter søknad vedlagd legeerklæring.

Regelverket er fastsatt i "Forskrift om parkering for forflyttingshemma".

Parkeringsløyve er meint som eit hjelpemiddel for personar som på grunn av vesentleg nedsatt forflyttingsevne har særleg behov for parkering på ein eller fleire konkrete stadar der det tilgjengelege parkeringstilbod ikkje kan nyttast. Løyvet er meint å løyse konkret oppgitt parkeringsproblem for personar som har vanskar med å bevege seg.

Ved tildeling vert både den medisinsk betinga bevegelseshemmingen og det konkret oppgitte parkeringsbehovet vurdert.

Problemer med å bære, eller behovet for å bruke bil gir ikkje i seg sjølv grunnlag for parkeringsløyve.

Legeerklæringen er ikkje det einaste grunnlag for vurdering av om søkjaren bør få utstedt parkeringsløyve.

I søknaden må det gjerast greie for dei forhold som gjer at det er behov for å parkere på stader der det tilgjengelege parkeringstilbod ikkje kan nyttast.
 

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 20.01.2015
Fant du det du lette etter?