Kva er BPA?
BPA inneber at brukaren, eller andre som kan representere brukaren, påtek seg rolla som arbeidsleiar. Arbeidsleiaren har ansvar for organisering og innhald i tenesta for å dekke brukaren sine behov for bistand. Målsetinga er at brukaren skal medverke over eigen livssituasjon og i større grad kunne leve eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig og uavhengig liv.
Tenesta er heimla i helse og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-2. Tildeling av BPA skal vurderast på same måte og innanfor dei same rettslege rammer som gjeld for andre tenester i helse og omsorgstenestelova § 3-2. Kommunen kan krevje eigenbetaling for dei delar av tenesta som definerast som praktisk bistand: daglege gjeremål.
Arbeidsgjevaransvaret skal ivaretakast av kommunen eller kommunen kan vurdere å inngå ei avtale med andre offentlege eller private aktørar. Avgjerda om val av arbeidsgjevar er ikkje ein del av enkeltvedtaket, og kan difor ikkje påklagast.