Avlastning - pårørandestøtte

Personar som har særleg krevjande omsorgsarbeid, kan søkje kommunen om avlastning i dette arbeidet. Formålet med tenesta er at pårørande får naudsynt kvile og fritid, slik at dei vert i stand til å vidare ivareta omsorga for den pleietrengande.

Avlastning kan ytast på ulike måtar og med ulikt omfang. Eldre brukarar får tilbod om avlastning i sjukeheim. Born og unge funksjonshemma som framleis bur heime, får tilbod om avlastning i privat heim eller i omsorgsbustad ved Dalevegen. I nokre tilfelle kan også avlastning bli innvilga som praktisk bistand i heimen eller som tilbod som dagopphald i institusjon.

Tenesta er heimla ihelse og omsorgstenestelova § 3-6 kommunens ansvar overfor pårørande, jf. § 3-1.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 13.02.2018
Fant du det du lette etter?