Søke om helse og omsorgstenester

(Sida er under oppbygging)

Ørsta kommuna tilbyr nødvendig helse- og omsorgstenester til heimebuande tilpassa brukerane sine behov og målsettingar. Målsettinga med alle helse- og omsorgstenestene er å bidra til at kvar einskilde skal få bu heime lengst mogeleg.


Du kan søke på følgande tenester

Helse og Omsorg: Søke tenester

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging i brukaren sin eigen heim, der målsetjinga er auka livskvalitet og eigenmeistring.

Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa. Fokuset er trening i daglege gjeremål i eigen heim. Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar gjer ein systematisk kartlegging. I samarbeid med deg blir det utarbeida mål, som du synest er viktig å meistre i din kvardag.

Søknadsskjema

NB: Søknadsskjemaet sender eller leverar du på rådhuset.

 

”Kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?"

Teamet og heimesjukepleia vil ilag med deg samarbeide mot dine mål. Innsatsen vil vere intensiv i starten og minke i takt med betringa av dine funksjonar. Kvardagsrehabilitering startar med spørsmålet: ”Kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?" - For mange handlar det om å vere aktive og kunne meistre daglege aktivitetar i kvardagen. 
 

Målgruppe:

Du som...

  • søkjer helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søkjer om meir teneste
  • opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade
  • opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
  • er motivert til å klare deg sjølv
  • ynskjer å vere aktiv og bu heime


Kva kan du forvente av oss?

Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det synest er viktig å meistre i kvardagen
For å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.


Kva vi forventar av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å gjenvinne det du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan fortsette å vere aktiv i eige liv - i eigen heim.

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal bidra til auka tryggleik i heimesituasjonen og til å førebyggje behov for andre tenester. Dette er eit varslingssystem der brukar kan tilkalle hjelp ved fall eller andre ulukker. Det er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen.

Tildeling av tryggheitsalarm vurderast med utgangspunkt i kartlegging av funksjonivå, der det vert lagt vesentleg vekt på evne til å ivareta eigenomsorg.

Satsar og gebyr


Kriterier for tildeling av tryggleiksalarm:

  • Søkjar må av helsemessige årsaker ha høg risiko for fall/skade seg og som følgje av dette vere ute av stand til å tilkalle hjelp pr. telefon/mobiltelefon
  • Kronisk sjukdom som hindrar deg i å bruke vanlege telefon eller mobiltelefon
  • Høg alder/bur åleine
  • Bur i ueigna bustad

Røde kors tryggleiksalarmar er kobla opp mot 110- sentralen i Møre & Romsdal. Når brukar trykkjer på knappen vil 110-sentralen mota signalet, som deretter blir vidaresendt til den som står oppført på varslingslista.

Dersom du ikkje har fasttelefon og kun nyttar mobiltelefon, må du tinge eit eige tilleggsabbonement på mobil.


Søknadsskjema

Begge skjema må fyllast ut og sendast/leverast til kommunen. 

 

Hjelpemiddel

I faser i livet vil ein kunne ha behov for hjelpemiddel for å kunne klare seg i det daglege.

 Dette er ikkje ei teneste du kan søke om, men du kontaktar våre ergoterapeutar for hjelp. Les meir her. 

 

Heimehjelp
Heimesjukepleie
Middagsombringing

Satsar:

Vare

Pris 2018

Varm mat levert i privat heim

95,-

Sal av middag i institusjon/bufellesskap

75,-

Sal av frukost/lunsj/kvelds i institusjon/bufellesskap

55,-

Fullkost i bufellesskap pr. døgn

150,-

Fullkost i bufellesskap pr. mnd

4 550,-

Vedteke av Ørsta kommunestyre 14.12.2017, kommunestyresak 17/1500.

Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar som grunna funksjonsnedsetjing eller av andre årsaker har utfordringar med å delta på sosiale arenaer eller vere aktiv på fritida utan hjelp i frå andre. Ei støttekontakt kan bidra med å auke sosial deltaking i kvardagen og leggje til rette for ei meiningsfull fritid. Aktivitetar som ei støttekontakt kan hjelp med kan vere: turar og trening, besøke vener/familie, cafèbesøk, kino eller andre kulturarrangement.  Ørsta kommune gir også tilbod om støttekontakt til fleire brukarar samtidig i form av gruppe.
 

Støttekontakt vert tildelt etter søknad:

Søknadsskjema


Å vere støttekontakt:

Det vert ikkje stilt krav til formell utdanning for å verte godkjend som støttekontakt, men ei støttekontakt må vere omgjengeleg og glad i å vere saman med andre.Ei støttekontakt har teieplikt. Tenesta er gratis, men brukaren må sjølv rekne med å dekkje eigne utgifter medan han/ho er saman med støttekontakta. 

Ta kontakt om du ønskjer å vere støttekontakt. For å bli støttekontakt må du vere 16 år.

Dagsenter for eldre
Avlasting for pårørande
  • Avlasting
  • Avlasting for eldre
  • Avlasting for unge
Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse – BPA, er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for personar med eit omfattande hjelpebehov.
 

Kva er BPA?

BPA inneber at brukaren, eller andre som kan representere brukaren, påtek seg rolla som arbeidsleiar. Arbeidsleiaren har ansvar for organisering og innhald i tenesta for å dekke brukaren sine behov for bistand. Målsetinga er at brukaren skal medverke over eigen livssituasjon og i større grad kunne leve eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig og uavhengig liv.

Tenesta er heimla i helse og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-2. Tildeling av BPA skal vurderast på same måte og innanfor dei same rettslege rammer som gjeld for andre tenester i helse og omsorgstenestelova § 3-2. Kommunen kan krevje eigenbetaling for dei delar av tenesta som definerast som praktisk bistand: daglege gjeremål.

Arbeidsgjevaransvaret skal ivaretakast av kommunen eller kommunen kan vurdere å inngå ei avtale med andre offentlege eller private aktørar. Avgjerda om val av arbeidsgjevar er ikkje ein del av enkeltvedtaket, og kan difor ikkje påklagast.

Omsorgsbustad
Omsorgsstønad

Personar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver for mindreårige barn eller andre nærtståande familiemedlemmar, kan søkje om omsorgsstønad. Formålet med omsorgsstønad er å sikre forsvarleg omsorg for den som treng hjelp i dagleglivet og å gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Ved søknad om omsorgsstønad vert det gjennomført ei brei kartlegging der momenta i rundskriv I-42/98 frå sosial og helsedepartementet (no helse og omsorgsdepartementet), vert vurdert.

 

Søknadsskjema

Bu og habiliteringsteneste
Psykisk helseteneste

Teneste for psykisk helse skal ha fokus på at mennesket i størst mogleg grad skal kunne meistre sitt eige liv og oppleve verdigheit. Tenesta skal bidra til å skape gode livsvilkår for menneske som har behov for psykisk helsehjelp ved å formidle tru på betring, moglegheit til å ta eigne val og påverke eige liv.

Søknadsskjema

 

Kven kan få tenesta: 

Menneske som bor og midlertidig oppheld seg i kommunen, primært over fylte 18 år:

  • Menneske med langvarige og samansette behov for psykisk helsehjelp
  • Menneske som er i ei livskrise eller ein sterkt belasta livssituasjon
  • Pårørande til menneske i målgruppa

 

Kva inneheld tenesta:

Individuelt tilpassa teneste etter enkeltvedtak på bakgrunn av eigensøknad.

Eksemplar på innhald i tenesta kan vere:

  • Førebyggande arbeid
  • Koordinering av tenester, utarbeiding av individuell plan
  • Støttesamtalar
  • Kartleggingsarbeid
  • Nettverksbygging
  • Aktivisering
  • Strukturering av kvardagen
     

Meir informasjon

 

Rustenesta

Rustenesta driv førebyggande rusarbeid og tilbyr oppfølging av menneske som har utvikla eit rusproblem, ei rusavhengigheit eller står i fare for å utvikle eit rusproblem. Tenesta er ein henvisningsinstans og den tilbyr også rettleiing til andre kommunale tenester som følger opp menneske med rusmiddelproblem. Rustenesta har også frivillig og tvungen forvaltning av trygd.
 

Oppfølging

Rustenesta tilbyr målretta, individuelt tilpassa, oppfølging av menneske som står i fare for eller har utvikla eit rusproblem eller ei rusavhengighet. Rustenesta oppsøker for det meste brukarane der dei bur eller oppheld seg (f.eks. skule, arbeid), men nokre kjem også til avtalane på Viketunet, der vi har kontor.

Oppfølginga består gjerne av hjelp til å få på plass kontakt med andre nødvendige instansar i hjelpeapparatet, rustesting, henvisning til rusbehandling, samtalar, kontakt og oppfølging etter endt rusbehandling.

Rustenesta set i verk tvangsinnlegging i rusinstitusjon etter Helse- og omsorgstenestelova § 10-2 og 10-3, i tilfelle der det er naudsynt. Rustenesta bistår også når det skal søkast om soning i rusinstitusjon jmf Straffegjennomføringslova § 12.

Rustenesta er den tenesta i Ørsta kommune som har hovudansvaret ved gravide rusmisbrukarar med tanke på tvangsinnlegging etter Helse- og omsorgstenestelova § 10-3.

Rustenesta er ikkje ei akutt- eller døgnteneste, men ei oppfølgande teneste på vegen mot å bli rusfri.

 

Dei som ønsker oppfølging kan ta kontakt med Rustenesta sjølv eller bli henvist frå:

Vedtak vert fatta etter Helse- og omsorgstenestelova. §3-2 første ledd nr. 5 og 6. Det er klagefrist i 3 veker. 

Opphald i insitusjon
  • Korttidsplass
  • Avlasting
  • Langtidsopphald
  • Dagplass


 

Tildeling og koordinering tek i mot og behandlar søknader om kommunale helse og omsorgstenester og vurderer behov for koordinerte tenester/ individuell plan. Tildelingskontoret gir informasjon og rettleiing, gjennomfører kartlegging og samarbeider med alle tenesteytane einingar innanfor helse og omsorgstenester i kommunen.

Tildelingskontoret held til i 1. etg på rådhuset og du kan nå oss på telefon 700 49 700.



Andre nyttige tilbod

Helse og omsorg: Andre nyttige tilbod

Koordinerte tenester / IP koordinator
Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeidar om ordninga knytt til bustønad. Husbanken fattar vedtaka, men det er komunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

 

Kven kan få bustønad

På Husbanken sine nettsider kan ein sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Her kan du også prøve kalkulatoren for bustønad, for å sjå kor mykje du evt. kan få.

Sjå om du kan få bustønad

 

Søk bustønad

Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga skjer omkring den 20. i månaden etter. Om du får bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Slik søkjer du

 

Meld frå om endringar

Du har sjølv plikt til å melde frå om det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk difor alltid om du har brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Meld frå om endringar

 

Klage på vedtak om bustønad

Om du meinar at noko i vedtaket er feil, kan du klage innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.

Slik klagar du


Kvar finn ein ansvarlege for bustønad i kommunen:

Servicekontoret
Dalevegen 6
6153 Ørsta
700 49 700

Demensteam

Demens er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdommar i hjernen som er kjenneteikna ved svikt av intellektuelle funksjonar, kjenslemessig kontroll og funksjonsevner i høve dagleglivet sine utfordringar.
 

Kjenner du nokon som opplever fylgjande?

  • Gløymer innlærde ferdigheiter
  • Gløymer nylege hendingar
  • Har endra personlegdomstrekk eller åtferd
  • Er forvirra i høve tid og stad
  • Gjentek historier
  • Strevar med å kjenne igjen folk
  • Har fått svekka dømmekraft
  • Har vanskar med å klare seg i kvardagen

 

Kva kan demensteamet hjelpe med?

  • Kartleggingssamtale og utgreiing med brukar og pårørande.
  • Kartlegging av behov for hjelp
  • Råd om hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til tryggleik
  • Oppfølging av brukar og pårørande
  • Rettleiing til pårørande og helsepersonell

     

NB: På alle einingar i pleie-og omsorg i Ørsta kommune er det ressurspersonar innan demensomsorg

Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka

Kontaktinformasjon: Dagleg leiar, Sissel Andersen tlf 700 45 400
Adresse: Anders Hovden gt. 27, 6150 Ørsta
Opningstid: Kvar vekedag kl 10.30 - 14.30. 

Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka er ein møteplass for pensjonistar og andre som har ynskje om ein treffplass på dagtid. Senteret driv ymse aktivitetar og kafeen er open for alle kvar vekedag frå kl 10.30-14.30, sjå elles annonse i Møre-Nytt kvar laurdag.

 

Kafeen er treffplassen

- Gjerne over ei kaffikopp, og dei fleste aktivitetane går føre seg der. Salen kan delast ved behov, og vi har alltid plass både for aktivitetar og for dei som "berre" vil på kafe. I kafeen serverer vi sjølvlaga middag tysdag og fredag, og torsdagar får vi ball frå Ørstaheimen. Måndag og onsdag er det oftast litt enklare varmmat, som suppe, pizza el.l.

Elles har vi gode, heimelaga kaker, svele, pizza, rundstykke og anna til ein overkomeleg pris.

 

Faste aktivitetar:

  • Bingo - tysdag kl 11.00 til ca 13.00
  • Trim – onsdag og fredag 11.30 - 12.00
  • Andakt -  torsdag ein gong i månaden kl 11.00
  • Quiz - kvar torsdag kl 12.30

Underhalding arrangerer vi om lag ein gong i månaden.  Dette kan vere lokale krefter, eller musikarar/underhaldarar  frå andre stadar. Honorar vert dekt gjennom Den Kulturelle Spaserstokken.
 

Andre tilbod:

  • Frisør
  • Fotpleie: Bestilling i tlf 90 58 99 56
  • Sal av batteri: Laget for hørselshemma, kvar fredag frå kl 12 til kl 14.

Det vert arrangert ymse andre tilbod. Av kurstilboda kan vi nemne 65+kurs for vaksne sjåførar.

 

Lokale til leige

Lokala kan leigast av private, lag og organisasjonar og vi kan servere mat. Vi tek og imot bestillingar på kaker, rundstykke og anna

Aktivitetssenteret Møteplassen
Friskliv

Friskliv Ørsta har fokus på helsefremjande og førebyggande tiltak retta mot alle barn og unge i Ørsta. Gjennom desse primær-førebyggande tiltaka ut til barnehagar og skular, ynsker Friskliv Ørsta å nå ut til barn og unge og spreie positiv informasjon om friskliv, helse og gode levevanar. I tillegg til primær-førebygging tilbyr Friskliv Ørsta individuell oppfølging til barn og unge, og eventuelt heile familien, med støtte til å endre vanar knytt til helse, fysisk aktivitet og/eller kosthald. 

Frisklivsrettleiaren er Karen Øie, som i tillegg arbeidar med kvardagsrehabiliteringstemet i Ørsta kommune. Ho har fleire års bakrunn frå privatpraktiserande fysioterapi, og er engasjert i fysisk aktivitet og det å ta vare på helsa si.

Kreftsjukepleie

Ørsta kommune har eigen kreftsjukepleiar/kreftkoordinator som kan tilby hjelp og støtte til kreftramma og deira pårørande

Kreftsjukepleiar kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike faser av sjukdomen, for pårørande og andre aktuelle. Kreftsjukepleiar kan gje råd, rettleiing og samtalar og vere med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimekommunen. Kreftsjukepleiar samarbeider tett med fastlegar og sjukehus. Vedkommende skal også vere ein ressursperson for anna helsepersonell, gje råd, rettleiing og undervisning. 

TT-kort

Transporttenesta er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Transporttenesta kan vere til hjelp slik at dei kan få høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet.

TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis TT-ordninga skal organiserast.


Elektronisk kort

Kortet blir fylt opp 2 gonger i året; 1. januar og 1. juli. Saldo på kortet vert nullstilt 1.januar. Kortet skal brukast som heil eller delbetaling for TT-transport med drosjer og vil fungere som eit vanleg kredittkort som blir brukt i taksameteret.

Ved hjelp av det elektroniske systemet kan fylkeskommunen drifte TT-ordninga på ein betre måte. Systemet gjev betre oversikt og unngår overforbruk. Det er Rogaland Taxi AS på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune driv ordninga.


Søknadskjema:

Papirskjema som ein skrive ut eller får ved å vende seg til servicekontoret. Søknad med legeerklæring må sendast eller levarast til servicekontoret. 

Vedlegg: Legeerklæring.

Søknaden skal til: Service-og informasjon staben - Dalevegen 6, 6153 Ørsta. E-post: postmottak@orsta.kommune.no 


Handsaming: 

Søknadane vert handsama fortløpande.

Kommunepsykolog
Følgekort/parkeringskort for funksjonshemma
Fann du det du lette etter?

Nyhende

  • Rettigheitskurs: Hjelpe- og støtteordningar
    Foreldre/føresette til barn og ungdom i skulealder med langvarige helseutfordringar - kronisk sjukdom/funksjonshemming som ønskjer kunnskap og forståing for kva for hjelpe- og støtteordningar som finst for familien. Innhaldet for dagen er i hovudsak for dei som har fått diagnose i nær tid.Vi vil oppmode begge foreldre/føresette til å delta i opplæringa.
  • Vallamarka fyller seg opp - nokre ledige plassar
    Leiligheitene på Vallamarka ligg i andre og tredje høgda over det nye legesenteret og er moderne utforma. Dei er tilknytt heildøgns omsorg, og det er heimebasert omsorg som yter tenester i bygget.
  • Gratis HPV-vaksine til menn som har sex med menn
    Folkehelseinstituttet har nettopp gått ut med eit tilbod om gratis HPV vaksine til menn som har sex med menn OG som er fødd etter 1991. Tilbodet går også til rusavhengige og sexarbeidarar. Det er eit ekstraordinært tiltak som gjeld for ei tidsbegrensa periode.

Chat ikon

Kontakt

Oddvar Marøy Stabsleiar tildeling og koordinering
91851882
@ Oddvar Marøy
Ann Kristin Liaskar Sekretær
70049899
@ Ann Kristin Liaskar
Wenche Flo Rådgjevar
95961471
@ Wenche Flo
Marianne Melle Saksbehandlar
70049830
@ Marianne Melle
Anne Margrete Berge Sakshandsamar
70049825
@ Anne Margrete Berge
Eirin Liadal Servicemedarbeidar
91832426
@ Eirin Liadal