Buavdelinga

Buavdelinga2.jpg - Klikk for stort bilete

Buavdelinga er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. Avdelinga skal sikre eit tilbod om heildøgns pleie og omsorg når denne hjelpa ikkje kan bli gitt i eigen heim. Avdelinga er lokalisert i 2. etg. på Ørstaheimen ved kantina, og personalgruppa består av helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistentar og spesialsjukepleiarar. Vi samarbeider tett med andre avdelingar på og utanfor Ørstaheimen, og andre faggrupper i kommunen.

Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet, og alle får tildelt ei primær- og sekundærkontakt som er spesielt ansvarlig for å ha jamleg kontakt med bebuaren og pårørande. Avdelinga er delt i to grupper der kvar gruppe har sitt eige kjøkken og stove. Alle rom er einerom med eige bad og toalett, og det er høve til å ta med private møblar, tv m.m etter ønske.

Buavdelinga er heimen til kvar enkelt bebuar, og vi har fokus på å sjå individuelle behov, og å skape eit godt fellesskap og sosialt miljø. I tillegg til kjøkken og stove har vi Blåstova midt i avdelinga som fellesareal. Her har vi eit flott akvarium med ulike fiskar, og her liker også huskatten vår å slappe av. Vi speler ofte musikk og nokre tek seg ein svingom ein gong i blant. Pårørande og vener av bebuarane er hjertelig velkomne, og vi set pris på godt samarbeid for eit best mulig tilbod til den enkelte.


Einingsleiar Lisa Korsfur Silseth
Tlf. 700 48 862

Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Buavdelinga hovudnummer
70048860
Lisa Korsfur Silseth Einingsleiar Buavdelinga
70048862
@ Lisa Korsfur Silseth

Nyhende