Institusjon pris

Kommunen kan krevje betaling for opphald i institusjon jf. Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. Alle med langtidsopphald i institusjon må betale ein eigenandel for opphaldet. Vi beregenar eigenandel for langtidsoppphald og korttidsopphald over 60 døgn på bakgrunn av inntekt og personlige økonomiske forhold.

I Ørsta kommune er det sakshandsamar ved fellesavdelinga ved Ørstaheimen som fattar vedtak om eigenandel for opphald i institusjon.

Forskrift om eigenandel

 

Langtidsopphald institusjon

 

Inntekt

Kommunen fastset eigenandel på bakgrunn av inntekt. Inntekten omffatter pensjon og andre faste trygdeinntekter, arbeidsinntekt, næringsinntekt, leieinntekt, renter og anna avkastning av formue. Formue blir ikkje tatt med i berekning av eigenandelen.


Frådrag

Skatt og gjeldsrenter
Forsørjarfrådrag og heimebuande ektefelle og/ eller barnSom hovudregel får du frådrag for ektefelle eller mindreårig barn som bur heime. Frådraget blir redusert dersom ektefelle/barn har eigen arbeidsinntekt eller pensjon frå folketrygda. Du får også 50% forsørjarfrådrag for brutto private pensjonar.


Beregningsgrunnlag

Berekningsgrunnlaget er beløpet vi får når vi summerer inntekter og trekkjer frå frådraga.

Berekningsgrunnlaget er utgangspunktet for å berekne ut den eigenandelen bebuaren skal betale kvart år. Kommunen kan krevje 75% av berekningsgrunnlaget inntil folketrygdas grunnbeløp (93 634 frå 01.05.17) trekt ifrå eit fribeløp (kr 8200 enkeltrom og kr 39300 dobbeltrom i 2018) Bebuar skal i tillegg betale 85% av berekningsgrunnlaget over Kr 93 634.

Bebuar skal behalde minst 25% av folketrygdas grunnbeløp, i tillegg til 75% av fribeløpet (kr 8200 i 2018)

Personar som får vedtak om langtidsopphald, skal ikkje betale eigenandel den fyrste månaden på institusjon. Dei som har vore på institusjon meir enn 60 døgn i kalenderåret, får ikkje denne frimånaden.


Etteroppgjer

Kommunen tek eit etteroppgjer når liknings- og skatteoppgjeret for føregåande år er klart. Grunnen til dette er at vi bereknar eigenandelen på grunnlag av stipulerte inntekter. Når likninga er klar, veit vi kva inntektene faktisk vart. Har du betalt for lite, sender vi ein tilleggsrekning. Har du betalt for mykje, får du pengar att.

Inntekter som berre er med i etteroppgjeret:

Livrenter, utbetaling av opptjent rente/avkastning.
Aksjar, aksjeutbytte skal med på etteroppgjeret.

Kommunen kan forandre størrelsen på eigenandelen når vi får beskjed om endringar i inntekt, eller andre forhold som påvirker berekningsgrunnlaget. Du må difor gi skriftleg beskjed til sakshandsamar viss inntekt eller frådrag blir vesentlig endra, slik at vi kan berekne ny eigenandel.


Eige skjema

Ørsta kommune har eit eige skjema for inntekter og eventuelle frådrag. Skjemaet gir kommunen grunnlag til å berekne størrelsen på eigenandelen og fullmakt til å innhente opplysningar om inntekt. Fyll ut skjemaet og send det til Fellesavdelinga ved Ørstaheimen inne tre veker etter at du har mottatt vedtak om opphald.

 

 

Kortidsopphald i sjukeheim

Vederlag for kortidsopphald i sjukeheim er regulert av same føreskrifta. Kommunen har lov til å ta betaling for kortidsopphald frå første dag. Pris for korttidsopphald er makspris kr 160,- pr. døgn.


Dag- eller nattopphald i sjukeheim

Vederlag for dag- eller nattopphald er heimla i same føreskrifta og er; kr. 80,-/pr. dag el natt.
 
 

Klage

Du kan klage på vedtak om eigenandel til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fristen er fire veker frå du har mottatt vedtaket, jf. Forvaltningsloven §28.

Klagen sendast til:
Ørsta kommune, Fellesavdelinga ved Ørstaheimen, Håkonsgata 78, 6150 Ørsta.

 

Kontaktinformasjon:

Ta gjerne kontakt sakshandsamar ved Fellesavdelinga ved Ørstaheimen om du har spørsmål. Besøksadresse: Ørstaheimen, Fellesavdelinga, Håkonsgata 78, 6150 Ørsta.
Tlf: 70 04 88 00

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 05.01.2018
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Fellesavdelinga Ørstaheimen
70048800

Nyhende