Gjeldsrettleiing

Har du gjeld og får vanskar med å betale den, eller har problem med å disponere pengane slik at dei strekkjer til, er det viktig å søkja hjelp i tide. Hensikta med økonomisk rettleiing og gjeldsrettleiing er å hjelpe deg slik at du vert i stand til å styre økonomien din sjølv. Alle kommunar skal ha eit tilfredsstillande tilbod om råd og rettleiing til personar med økonomiske vanskar. 
 
Rettleiinga vil variere avhengig av kva for behov du har. Det kan til dømes vere hjelp til å disponere pengane slik at du ikkje får betalingsvanskar, som igjen kan føre til sosiale problem.
 
Dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi, eller dersom du har gjeldsvanskar, kan du kontakte NAV-kontoret i kommunen.
 

Sist endra 04.01.2018
Fant du det du lette etter?