Foreldrepengar

Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldre i samband med fødsel og adopsjon. Det er ein føresetnad at den som mottek foreldrepengar har omsuta for barnet og ikkje er i arbeid.
 
 
 
Foreldrepengar kan ein få om ein er medlem i Folketrygda, og har hatt pensjonsgjevande inntekt i minst seks av dei ti siste månadane før stønadsperioden tek til. Inntekta på årsbasis må være minst halvparten av folketrygda sitt  grunnbeløp (G).
 
Arbeid i andre nordiske land og EØS-land vil også telje med som pensjonsgjevande inntekt. Arbeidstida i desse landa vil då leggast saman. Dermed kan ein få rett til fødselspengar etter dei norske retningslinene sjølv om ein ikkje har hatt arbeid Noreg i heile oppteningsperioden.
 
 
Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10 NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10
55553333

Nyhende