Skulehelseteneste

Helsestasjons-og skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste som skal gje helsefremjande og førebyggjande tilbod til gravide, føresatte, og born og unge i alderen 0–20 år. Tenesta skal være eit heilheitleg tilbod som tek i vare den fysiske og psykiske helsa hos born og unge og deira familiar.

 

Skulehelsetenesta omfattar

...helseundersøking, vaksinering, oppsøkande verksemd, helseopplysning og rettleiing. Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal være lett å nå, anten det gjeld små eller store problem.Det vert ikkje krevd eigenandel, heller ikkje for barnevaksinasjonsprogrammet. For andre vaksinasjonar vert det krevd eigenandel.
 

Skulehelsetenesta.png - Klikk for stort bilete

Alle born og unge har rett til helsekontroll i kommunen. Det skal være skulehelseteneste på alle skular til og med vidaregåande. Det gjelder både private og offentlege skular. Målet med skulehelsetenesta er å fremje eleven si totale helse og førebyggje sjukdom, skade eller lyte.Tenesta er basert på samarbeid mellom skule, heim og helsestasjon.
 
 


Rettleiande oppsett:

  • 0.klasse - skulestartundersøking ved helsesøster og lege
     
  • 2.klasse - vaksinering mot difteri,stivkrampe,polio og kikhoste
     
  • 3.klasse - event. individuell samtale med elev og foreldre , høgd og vekt
     
  • 6.klasse - event.opplysning og undervisning om pubertet og utvikling
     
  • 7.klasse - vaksinering mot meslingar, kusma, raude hundar.Event. individuell samtale med høgd og vekt
     
  • 8.klasse - Mantouxtest (tidlegare Pirqet) og BCG vaksine
     
  • 9.klasse - event. helseopplysning
     
  • 10. klasse - vaksinering mot polio. Undervisning om førebygging av seksuelt overførbare sjukdommar og prevensjonsundervisning
 
Sist endra 04.01.2018
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Ørsta Helsestasjon
70049860
Ingun Håheim Fjørtoft Leiande helsesøster
70049864
@ Ingun Håheim Fjørtoft

Nyhende