Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom og studentar (opp til 25 år) held i paviljong-bygget på Øyra skule i Volda.  


Helsestasjon for ungdom og studentar - opningstider

Tysdag og torsdag

14.00-16.30

I skuleferiar

14.00-16.00

Lege (tysdagar)

frå 15.00


Her får du hjelp og rettleiing med hensyn til førebygging av uønska graviditet, seksuelt overførbare sjukdomar, psykiske og sosiale problem, og bruk av alkohol, tobakk og narkotika.

På helsestasjon for ungdom og studentar kan du få hjelp med ulike problem knytta til fysisk og psykisk helse som t.d. prevensjon, klamydiatesting, depresjon, angst, rusproblem, spiseforstyrringar, smerter, kriser, menstruasjonsplager, seksuelle vanskar m.m.

På helsestasjonen kan ein få snakke med helsesøster, jordmor og lege. Alle har teieplikt. 

Les meir på Helsestasjonportalen

Facebook: Helsestasjon for ungdom


Viktige hjelpetelefonar

Viktige hjelpetelefonar
Hjelpetelefonar Telefonnummer Opningstider
Telefon for seksuell helse 810 02 244 måndag- torsdag kl 17.00-20.00
Homofiles ungdomstelefon 810 00 277 alle dagar kl 18.00-22.00
Barn og unges kontaktelefon 800 33 321
Kirkens SOS 224 00 040
Mental helse hjelpetelefon 810 03 339

 

Fann du det du lette etter?