Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar

Folkehelselova pålegg alle kommunar å ha oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar i befolkninga. Statusrapport: Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i Ørsta 2015 er vårt svar på kravet i folkehelselova. Dette er det første dokumentet av sitt slag i kommunen vår.

Hausten 2013 vart ungdomsundersøkinga UNGdata gjennomført på alle klassesteg i ungdomsskulen og i 1.klasse på vidaregåande skule som del av denne kartlegginga. I denne undersøkinga var det også ein del tilleggsspørsmål for kommunane på Sunnmøre. Resultat av desse finn du i rapporten Ung på Sunnmøre 2013 og i rapporten Ung i Volda og Ørsta 2003-2013.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 17.10.2016
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Nyhende