God helse har den som klarer å meistre og tilpasse seg livet sine uunngåelege vanskar og krav i kvardagen. Peter F. Hjort sin definisjon på helse peikar på evna til å meistre utfordringar i livet. Med dette meiner han at vi må ha krefter til å møte utfordringar og følelsen av å ha kontroll over eige liv.
Det overordna målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusere sosial helseskilnad.
Figuren viser at samfunnsutvikling er viktig for å styrke folkehelsa, men kvar enkelt av oss har ansvar for vår eiga helse. Samfunnet sitt ansvar er å gjere motbakken så slakk som mogleg ved å gjere det attraktivt og lett for innbyggjarane å ta val som styrker helsa. Til dømes at fortaua er brøyta vinterstid slik at ein vel å gå til jobb framfor å ta bilen, eller godt og trygt sykkelvegnett til skule eller jobb slik ein vel å sykle, eller sikre skulevegen til borna slik at dei føler seg trygge og vil gå.
Etter folkehelselova har alle seksjonane og lokal samfunnet i kommunen ansvar for å fremje folkehelsa.