Tomter: Osmarka

Bilder av tomtene i Osmarka. - Klikk for stort bileteBilder av tomtene i Osmarka. Ørsta kommune / Thomas Winther Leira

 
Osmarka ligg rett sør for Ørsta sentrum med flott utsikt over sentrum, fjorden og fjella ikring. Tomtene har sentral plassering, med kort veg til mellom anna barnehage, kollektivtrafikk og turterreng. Bustadfeltet er vestvendt med mykje kveldssol.

 

Tomtene er byggjeklare. Ta deg gjerne ein tur til Osmarka for å sjå på tomtene.


Tomter som er merka med "L" er ledige.
Tomter som er merka med "R" er reserverte.

Merk deg at det er Sunnmørskart som til ei kvar tid er den oppdaterte kjelda på om ei tomt er ledig eller reservert.

Sjå tomtene i Sunnmørskart  Sjå reguleringsplan i planinnsyn

Pris

Prisane under gjeld frå 01.01.2025. Prisane vert å regulere kvart år med auke i konsumprisindeksen.

Osmarka tomtepris
Tomt Areal (m2) Pris 2025 (NOK)
T1 938                       694 850
T9 1011                       728 252
T11 1014                       729 625
T16 1081                       759 281
T20 962                       705 832

I tillegg til tomteprisen kjem kostnader med matrikkelbrev for tomt, tinglysingskostnader for skøyte, administrasjonsgebyr og tilknytingsgebyr for vatn og avlaup.

 

Søk om bustadtomt

«Fyrste mann til mølla»-prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.

Søk om bustadtomt

Kontakt

Arnstein Nupen jurist
48074265
@ Arnstein Nupen