Tomtene i Barstadvika med flott utsikt.
Ørsta kommune / Thomas Winther Leira
Barstadvik ligg på Vartdalsstranda langs E39 i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Langs heile stranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane.
Dei ledige tomtene i Barstadvik ligg øvst i Bergane med fjordutsikt og gangavstand til nærbutikk. Næraste barnehage og skule er på Vartdal, ein 10-minutters kjøretur unna.
Tomtene er byggjeklare. Ta deg gjerne ein tur til bustadfeltet for å sjå på tomtene.
Publisert 31.08.2020 10:06
Sist endra 10.10.2024 11:19