Vatn

Kommunalteknikk er ansvarleg for drift og vedlikehald av fire vassbehandlingsanlegg; Vikegeila i Ørsta, Sæbø, Barstadvik og Dalelina på Vartdal. Målet er nok vatn, godt vatn og trygt vatn.


Dårleg trykk eller kvalitet

Dersom vasstrykket er unormalt eller vasskvaliteten (brunt vant, lukt eller liknande), skal dette meldast til eining Kommunalteknikk eller til teknisk vakt utanom arbeidstid.


Varsling og vassavstening

Ørsta kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggarane og vil melde anten via talebeskjed eller sms om  planlagt vedlikehold av leidningsnettet, uventa stopp i forsyning eller ved anbefaling om koking av vatn. Også i andre situasjonar kan det være aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggarane med viktig informasjon.


Vassmålar

Om du er tilkopla kommunalt vass- og avløpsnett kan du som privat abonnent velje om du vil betale etter berekna forbruk eller etter målt forbruk. For næringseigedomar og ein del større offentlege bygningar skal det vere installert vassmålar.

Kommunen eig og held målaren vedlike , då med unntak for abonnentar med særleg høgt vassforbruk.

Abonnent er ansvarleg for å betale for installering av vassmålar, lese av vassmålar årleg og gi melding til kommunen om målarstanden. Installasjon må gjerast av godkjent røyrleggjar og etter tilvising frå kommunen.

 

Publisert av Elisabeth Sæbønes. Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?

Nyhende

  • Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. september
    Frå og med 15 april er det ikkje lov å gjere opp eld i nærleiken av skog eller utmark. Forbodet gjeld kvart år og gjeld i perioden 15 april til og med 15 september.
  • Klipp hekken
    Våren er i kjømda. Her kjem difor ei påminning om å klippe hekken og sørge for god sikt ved vegkryss og tilkomst.
  • Utbetring av Sæbønesvegen
    Ørsta kommune har fått på plass alle grunneigaravtalane for å utbetre den siste parsellen med grusveg på Sæbønesvegen/Flatnesvegen. Avtalen gir rom for ny utbygging av både bustad og fritidsbustad på Sæbø.
  • 56 komfyrbrannar i Møre og Romsdal i fjor
    Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet hadde 140 brannutrykkingar til bustader i Møre og Romsdal i 2018. Heile 40 prosent av utrykkingane skriv seg frå komfyren. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.
  • Brannbamsen Bjørnis flyttar inn!
    Vi gler oss over at Brannbamsen Bjørnis har flytta inn i Ørsta. Bjørnis er nemleg utvikla for å møte born sine behov for omsorg og tryggleik ved brann og andre ulykker. I tillegg til å gi både born og vaksne gode råd om brannvern.

Kontakt

Ole Idar Fiksdal Avdelingsingeniør vatn og avløp
90284148
@ Ole Idar Fiksdal
Malvin Fremmerlid Avdelingsingeniør anlegg
95115737
@ Malvin Fremmerlid