Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Veke 6: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 06.02.24 – 13.02.24

  • 16:00 – 18:00 Tysdag øvde brannkonstablane på Øye på sambandsbruk. Fokuset for øvinga var tydelege meldingar ut for å sikre tidleg varsling av rett ressurs. I tilegg til dette var det fokus på alle typane kommunikasjonsutstyr ein har tilgjengeleg. Satellitt telefon, VHF, UHF, Naudnett og mobiltelefon. På ein plass som i Norangsfjorden er straumen nede svært mykje oftare enn dei fleste andre stadar i kommunen. For å sikre at ein har moglegheiter for kommunikasjon inn og ut har branndepotet på Øye mykje utstyr dei skal ha kontroll på.
  • 17:00 Torsdag var vaktlag 1 på Hovdevatnet å kontrollere isen. Isen var målt til 40cm.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde konstablane på Vartdal brannstasjon på vassføring og røykdykking. I Ørsta har vi tre stasjonar med røykdykkerteneste. Ørsta, Vartdal og Sæbø. Desse har krav om minst 3 kalde og eit varmt røykdykk pr. år for å behalde kompetansen. Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.
  • Fredag var ØBR ute og bistod helse med bærehjelp.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Ved ei trafikkulukke kan det vere mange moment som brannmannskapet må ta hennsyn til og kunne. Alt frå kva særskilde tiltak ved ein kollisjon med EL-bil til metodar for hurtig frigjering av personar. Fokuset for øvinga var frigjering av fastklemde personar med kjetting.