Veke 5: Nytt frå brannvakta


Brann og redningslogg – 21.01.2020 – 28.01.2020

16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av samband og kommunikasjonsutstyret. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt ut og er så forståeleg som mogleg.

01:32 natt til søndag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke, Melsvegen. Framme på staden viste det seg å vere ein bil som hadde tatt spegelen på møtande bil og køyrt i grøfta. Ein person køyrt til legevakta.

07:02 tysdag morgon rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke på Festøya. Framme på staden viste det seg å vere ein bil som hadde køyrt av vegen. Brannmannskapet sikra skadestaden og dirigerte trafikk, medan helse tok seg av den forulukka.