Veke 5: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 26.01.2021 – 02.02.2021

23:02 Tysdag kveld rykte ØBR ut til privat bustad der glaset på vedovnen hadde eksplodert. På staden brann det framleis godt i ovnen. Brannmannskapet sløkte ovnen og lufta ut røyk.

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Under trafikkulukke er det mange ulike situasjonar ein kan kome ut for, og det er ofte kritisk å få dei forulukka fri så raskt som råd. Brannvesenet er difor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannmannskapet går jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.

04:30 natt til søndag rykte ØBR ut til katt som var fast på nabohus. Katten vart berga uskada ned.

23:30 søndag rykte ØBR ut til melding om mulig sotbrann i privat bustad i Ørsta sentrum. Brannmannskapet kontrollerte skorsteinen og fann noko høge temperaturar i overgangen eldstad/skorstein. Fyringsforbod gjeve på staden.

22:19 Måndag kveld rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå kommunalt bygg i sentrum. Framme på staden viste det seg å vere svidde baguettar som var orsaken til alarm.