Veke 43: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 22.10.2019 – 29.10.2019

17:00 – 20:00 Onsdag øvde Ørsta brann og redning på røykdykking i reel brannrøyk i røykdykkaranlegget vårt i Hovdebygda. Dette er ei pålagd øving vi må ha kvart år, der alle vore røykdykkarar får øve med høge temperaturar og reel røyk. Viktig øving for å halde vedlike kunnskapen.

06:40 Torsdag rykte Ørsta brann og redning ut til utløyst røykvarslar i ein privatbustad i Ørsta. Når brannmannskapet kom på staden var situasjonen avklart. Ingen brann.

12:15  Torsdag ettermiddag rykte Ørsta brann og redning ut til mulig funn av sprengstoff i Hovdebygda. Kassene var plassert slik at det ikkje var mulig å komme til dei på ein forsvarleg måte. Ekspert vart tilkalla og fekke sjekka det ut. Det var ikkje funne noko sprengstoff, kun kasser med anna innhald.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på tauredning/sikring. Ørsta er ei kommune med mange bratte fjellsider , bruer, elveløp og anna krevjande terreng som gjer det nødvendig for brannvesenet å ha kunnskap om tauredning/sikring. Alt frå utforkøyring til personar og dyr som har gått seg fast.

19:00 – 21:00 Mandag øvde Ørsta brann og redning på brann på Union Hotell Øye. Det var ei uanmeldt øving der brannkonstablane på Øye fekk alarm og måtte rykke ut frå heimane sine, som ved ei reel hending. Ei svært vellukka øving, der både hotelltilsette og brannmannskap fekk prøve seg.