Veke 42: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 06.10.2020 – 13.10.2020

18:00 – 21:00 onsdag hadde vaktlag 3 og 4 saman med røykdykkarane frå Sæbø sitt årlege varme røykdykk. Dette er eit krav for alle røykdykkarar at ein skal ha eit varmt røykdykk pr. år.  Dette for å få kjenne på varmebelastninga og søke i varm røyk.

12:34 fredag rykte Ørsta brann og redning ut til akutt forureining. Ein Oljetank frå Ørsta var oppdaga lekkasje på i Volda og Ørsta rykte ut for å sjekke om lekkasjen hadde oppstått før avlasting slik at det låg olje langs vegen eller på der tanken var fjerna. Ingen spor av olje. Lekkasje må ha oppstått ved avlasting.

16:00-17:30 fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på taurredding og sikring. Mange oppdragstypar krev eigensikring mot fall. Vi har derfor jamleg gjennomgang for at vi skal ha kontroll å dette.