Veke 41: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 05.10.21 – 12.10.21

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
     
  • 12:26 Laurdag ettermiddag rykte ØBR ut til brann i personbil på Liadal. Framme på staden vart brannen sløkt og brannmannskapet sikra køyretøyet og kontrollerte for temperaturar. Ingen personskade.
     
  • 17:46 Søndag rykte ØBR ut til trafikkulukke på Vartdalsstranda. Framme på staden kom det fram at ein bil hadde havna på taket utanfor vegen med fire personar i bilen. Brannmannskapet sikra køyretøyet og dirigerte trafikk. Alle personar vart frakta til sjukehus for kontroll.