Veke 39: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 24.09.2019 – 01.10.2019

16:25 Onsdag rykte Ørsta brann og redning ut til tryggleiksalarm. Hendinga gjaldt røykvarslarar som gjekk utan at huseigar klarte å sjå kvar det kom frå. Huset var gjennomgått med varmekamera. Sjekka stikkontakter, sikringsskap, komfyr, vedomn med meir. Ingen brann.

18:00 – 20:00 Onsdag øvde Ørsta brann og redning på røykdykking saman med Møre folkehøgskule. Nyttig øving både for brannmannskapet, samt elevar og tilsette på skulen.  Det gir elevane muligheit til å øve så reelt som mogleg, slik at dei er budde på det om noko skulle skje.

18:00 – 20:00 Torsdag øvde brannmannskapet på Sæbø vassforsyning og røykdykking. Senarioet var brann på 80 høgdemeter. Dei fekk då prøve seg på trykkforsterking med fleire pumper i serie. Dette ei problemstilling vi ofte møter, som vi må vere gode på. Godt gjennomført øving.

15:15 Fredag rykte Ørsta brann og redning ut til mistanke om sjømine i Ørstafjorden. Framme på staden viste det seg å vere ei propanflaske. Propanflaska vart fjerna.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på brann i gårdsbruk og bruk av stige. Ørsta er ei relativt stor landbrukskommune, der 16% av innbyggjarar bur på landbrukseigedom og 150 av desse har dyrehald. Landbruksbygningar er høgde, tørre og inneheld gjerne ein del brannenergi. Brann i landbruksbygningar utviklar ofte seg svært raskt og kan verte svært komplekse. Det er derfor viktig at vi med jamne mellomrom øver på faremoment knytt til slike brannar.